Driftsteknikar – IT-støtte – st. nr. 7/2026
Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsteknikar – IT-støtte – st. nr. 7/2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. mai
Om stillinga
Ved IT-kontoret er det ledig 100 % fast stilling som driftsteknikar for snarleg tilsetjing.
Stillinga inngår i førstelinjesupport ved HVO, i eit team på tre medarbeidarar. Du vil møte brukarane våre der dei er, og bidra til at kvardagen fungerer best mogleg – både i undervisning, administrasjon og studiearbeid.
IT‑støtte er IT‑kontoret sitt viktigaste kontaktpunkt mot organisasjonen, og rolla krev både gode faglege ferdigheiter og ei sterk interesse for å hjelpe andre.
Du vil jobbe tett saman med resten av IT‑kontoret og vere ein viktig bidragsytar til god brukaroppleving, effektiv problemløysing og vidareutvikling av sjølvbetente løysingar.
Kvalifikasjonar
- Relevant IT‑fagleg utdanning (fagbrev, fagskule, høgskule/universitet)
– relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning - Grunnleggande forståing for IT‑drift og brukarstøtte
- Gode ferdigheiter i norsk og engelsk (skriftleg og munnleg)
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ser spesielt etter deg som:
- er serviceinnstilt og har eit oppriktig ønskje om å hjelpe andre
- har eigeninteresse og motivasjon for å løyse problem
- er strukturert og ryddig i oppfølging av saker
- kommuniserer tydeleg og forståeleg med brukarar på ulike nivå
- trivst med å vere IT sitt «andlet utad» i organisasjonen
- bidreg positivt til samarbeid og arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Førstelinje-support til tilsette og studentar (service desk)
- Mottak, registrering, prioritering og løysing av IT‑førespurnader
- Brukarstøtte knytt til vanlege IT-verktøy, -system og -utstyr, herunder PCar, mobiltelefonar, nettbrett, møteroms- og AV-utstyr
- Klargjering og enkel drift av klientutstyr
- Rettleiing og opplæring av brukarar
- Bidra til dokumentasjon og kunnskapsbase for sjølvbetent IT‑hjelp
- Samarbeid med andre på IT‑kontoret om vidare oppfølging av saker
Vi tilbyr
- ei fast stilling i ei samfunnsviktig kunnskapsverksemd
- varierte arbeidsdagar med høg grad av brukarkontakt
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsettgode og -fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ: stillingskode 1136 Driftstekniker. Normal årsløn for stillingskoda ved HVO er mellom kr. 570 000 – 610 000.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte IT-sjef Rolf Driveklepp på tlf. 98287828 eller e-post rolf.driveklepp@hivolda.no.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
031b49d6-87fb-4c27-9b67-78b6c4d6dade
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292298