Driftstilskot fysioterapeut, 100%
Volda kommune, Helse og forvalting
Industrigata 12, 6100 Volda, Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftstilskot fysioterapeut, 100%
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Volda kommune har ledig fast 100 % kommunalt driftstilskot for fysioterapeut i felles fysioterapipraksis frå 01.09.2026. Avtaleheimelen er knytt til Aarflot fysioterapi AS. Instituttet ligg sentralt i Volda og her jobbar til saman 3 fysioterapeutar med 100 % driftsavtale kvar. Fysioterapeuten vi søkjer etter vil utøve sin praksis i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane i selskapet og med den øvrige fysioterapitenesta når det gjeld prioriteringar, behandlingstilbod og ventelister.
Stillinga er til ei kvar tid regulert etter gjeldande ASA 4313 og tildeling vert gjort etter vilkåra i ASA 4313. Merk at tildeling av heimelen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd, bokstav b.
Praksisen skal driftast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og gjeldande retningslinjer for samarbeid og fordeling mellom fastløna og sjølvsendig næringsdrivande fysioterapeutar med driftsavtale i Volda kommune.
Fysioterapitenesta i Volda har 4,6 årsverk fastløna fysioterapeutar, 5,6 årsverk private avtaleheimlar og er organisert under sektor Helse og omsorg, seksjon Førebygging og rehabilitering.
Kommunen er oppteken av å stå sterkt rusta for å møte både dagens og morgondagens utfordringar. Førebygging, rehabilitering og meistringsfokus er sentralt i tenesteutviklinga. Vi ynskjer ein fysioterapeut som vektlegg dette og gjerne har erfaring frå og ønske om å drive gruppebehandling.
Arbeidsoppgåver
Det er forventa at fysioterapeuten nyttar behandlingsformer forankra i kunnskapsbasert praksis og samarbeidar på tvers med øvrig kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste.
Kvalifikasjonar
- Norsk offentleg autorisasjon som fysioterapeut
- Brei fagleg kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi
- Erfaring frå rehabilitering/nevrologi er ynskjeleg
- Erfaring frå privat fysioterapipraksis
- Meistringsfokus og vektlegging av aktiv deltaking i behandlinga
- Søkjar frå land utanfor skandinavia må meistre norsk språk på minimum B2-nivå både skriftleg og munnleg
- Politiattest må leggast fram før oppstart
- Personlege eigenskapar er avgjerande.
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og kan jobbe sjølvstendig
- Evne til å drifte privatpraksis
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
- Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og endringar
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
- God pasienttilgang
Kontaktinformasjon
Randi Heltne Alfsvåg, Seksjonsleiar, 91623905, randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.noElin Høydal Vatne, Ass. kommunalsjef, +47 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Industrigata 126100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5106379370
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a127a1d3-f8d3-4410-8bf8-b146dc6aa9e0
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1cb61ab6c7c747788f1da8062e693eb0