Pedagogisk leiar - 200 % fast
Rauland barnehage, Vinje kommune
Raulandsvegen 1747, 3864 Rauland
Om jobben
- Oppstart
- 10. august 2026
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar - 200 % fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. juni
Vil du vere den vaksne som gjer ein forskjell – kvar einaste dag? Kanskje er det nettopp du som skal vere den vaksne eit barn hugsar resten av livet.
I Rauland barnehage er dagane fylt med frisk fjelluft, små hender i store vottar og nysgjerrige blikk som ventar på å bli møtt. Hjå oss er naturen meir enn ein bakgrunn – ho er ein læringsarena, ein møteplass og ei kjelde til undring.
No ser me etter deg som vil vere med å sjå kvart enkelt barn, byggje sterke relasjonar og skape gode dagar, både ute og inne.
Me veit at barn lærer best når dei:
- blir sett og forstått
- kjenner seg trygge og viktige
- møter vaksne som bryr seg – på ekte
Difor jobbar me kvar dag for å vere til stades, lytte, støtte og gi rom for kvar enkelt.
I kvardagen hjå oss får du vera med på:
- turar i skog og fjell, der barna utforskar naturen med heile seg
- leik som får utvikle seg i sitt eige tempo
- små, store augeblikk som formar barndom og sjølvkjensle
- eit fagmiljø som løftar kvarandre og vil vidare.
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
- Medansvarleg for den daglege drifta i barnehagen
- Ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
- Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
- Byggje relasjonar som gir barn mot til å vere seg sjølve
- Fagleiing av dei tilsette på avdelinga
- Vere ein aktiv del av eit leiarteam som vil skape noko saman
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil annan relevant utdanning og/eller erfaring vurderast og godkjennast på dispensasjon
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg leiar
- Du brenn for barns utvikling og leik
- Du har evne til å skape gode relasjonar
- Du er raus, engasjert og initiativrik
- Du likar å jobbe både sjølvstendig og i lag med andre
- Du finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag
- Du kommuniserer godt med barna, førsette, kollegaer og andre samarbeidspartnerar
- Du likar å vere i aktivitet, både ute og inne
- Du trivast i ein hektisk kvardag
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein barnehage tett på naturen – fjell, skog og årstidene som læringsarena
- Moglegheit til å påverke og setje retning
- Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like – og alle betyr noko
- Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling, og gode moglegheiter for kompetanseheving
- Ein arbeidsplass der du kan påverke og utgjere ein forskjell
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Løn etter lokal lønstabell - barnehagelærar- årsløn frå 530-656.500,- + ped.leiartillegg på 30.000,-
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Heidi Rønningen, Verksemdsleiar Rauland barnehage, +47 90646483, heidi.ronningen@vinje.kommune.noArbeidsstad
Raulandsvegen 17473864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5133131088
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 04.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fbdcde94-2cfd-4595-b772-d0d2153375d5
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e2f2e787af454dee88d9b4ac90d7689c