Hopp til innhold

Sjukepleiar-100% fast

Arbeidsgiver

Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune

Sted

Setali 6A, 3864 Rauland

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar-100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid?
I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.

Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.

Hos oss arbeider me tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine.
Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.

Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenter med opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.
Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta
  • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta  faglege avgjerder i kvardagen
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
  • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
  • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
  • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring  frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • ønskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre
  • er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare
  • samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • trivst med ansvar og tek initiativ
  • møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet
  • har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Vi tilbyr

 

  • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde
  • God opplæring og tett fagleg oppfølging
  • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass
  • Gode lønnsvilkår med lokal stige
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.

 

 

Kontaktinformasjon

Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553

Arbeidsstad

Setali 6A
3864 Rauland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5149018374
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Bjørg Kåsa Verpe

Avdelingsleiar heimetenesta Rauland

+47 90103553

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9a4f2a2f-c487-4592-8799-84be52b4dccc

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d7af4d4045514f6ba2430e34d810c644

Lignende annonser

Laster lignende annonser