Hopp til innhold

Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast 

Arbeidsgiver

Svingen/Reini, Vinje kommune

Sted

Åmotvegen 2, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut/miljøarbeider -helgestilling fast
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?

Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode  folk rundt seg.

Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.

No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver
  • Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar
  • Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking)
  • Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi
  • Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar
  • Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar
  • Dokumentere i journalsystem
  • Gi medisinar etter delegert kompetanse
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar
  • Tilleggsansvar vert gjeve til høgskuleutdanna (til dømes veiledning av kollegaer, bidra inn i det faglege arbeidet med tiltaksplanar, bidra i utredningsarbeid)

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorutdanning
  • Helsefargarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar 
  • Studentar og elevar innan helsefag er velkomne til å søkje
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne- minimum nivå B2
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • God relasjonsbyggar – du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon
  • Påliteleg og strukturert – du held avtalar, fylgjer rutinar og sørger for at oppgåver blir gjennomført
  • Fleksibel – du klarar å tilpasse deg endringar og behov som oppstår i løpet av ei vakt
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert – du tek ansvar for eigne oppgåver, men bidreg aktivt i teamet når det trengst
  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet – du deltek aktivt for å skape eit trygt, inkluderande og fagleg miljø
  • Løysingsorientert – du handterer utfordringar på ein roleg og konstruktiv måte, og søker praktiske løysingar i kvardagen

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb
  • Helgestilling med moglegheit for ekstra vakter som tilkallingsvikar – perfekt for deg som ynskjer fleksibilitet eller meir arbeid
  • God opplæring og oppfølging
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Lønn etter lokal stige og kvalifikasjoner

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5189149623
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Hjørdis Ringhus Saupstad

Avdelingsleiar Svingen og Reini

+47 97028218

hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0349733c-e5d5-4fd9-86a2-e2749fb6c6d4

Sist endret

2. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1eb3fa0917474b019d25702b354af6f0

Lignende annonser

Laster lignende annonser