Hopp til innhold

Ph.d.-stipendiat i kryptografi

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Høyteknologisenteret i Bergen Thormøhlensgate 55b, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i kryptografi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kryptografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Algebraisk kryptanalyse studerer kor sikre kryptografiske algoritmar er ved å løysa likningssystem av polynom. Det er ein viktig komponent for trygging av kvantesikker kryptografi, samt nye symmetriske krypteringsalgoritmar for bruk i avanserte protokollar som homomorf kryptering (homomorphic encryption), flerpartsberekningar (multi-party computation) og kunnskapslause bevis (zero-knowledge proofs). Spesifikke forskingsretningar vil verta diskutert med den aktuelle kandidaten, men kan innebera design og utbetring av generelle algoritmar for algebraisk kryptanalyse, samt utvikling av spesifikke angrep mot eksisterande chiffer. Denne Ph.d.-stillinga er ei moglegheit til å utforska og forma sitt eige forskingsprosjekt på forskingsfronten i kryptografi.
 

Arbeidsstaden for den tilsette vil vera på Selmersenteret for sikker kommunikasjon. Selmersenteret er ei av dei fremste forskingsgruppene innan ICT, og fokusområde inkluderer kryptografi, Bolske funksjonar, sekvensdesign og kodeteori. Den tilsette kandidaten kan og verta knyta til Senter for romkommunikasjon, og enkelte forskingstema kan falla under dette domenet.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, matematikk, elektroteknikk, eller eit relatert fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God kunnskap om relevant matematikk, spesielt algebra, er eit krav.
  • Erfaring med kryptografi og programmering er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og kunne demonstrera gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar på eit akademisk skriftleg og munnleg nivå.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, motivasjon og potensial for å finna eigne forskingsidear vil også telja ved vurdering av kandidatane.
 

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.


Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.


Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fyrsteamanuensis Morten Øygarden, Institutt for informatikk, m.oygarden@uib.no, (+47) 909 39 836, eller professor Inge Jonassen, Institutt for informatikk, Inge.Jonassen@uib.no.
 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand, Maria.Svasand@uib.no.
 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fb47b517-c71e-485e-8b79-17914d9a3248

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283670

Lignende annonser