Avdelingsleiar tilrettelagt opplæring
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
Vikastemmo 35, 5411 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar tilrettelagt opplæring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Skulen har ledig ei fast stilling i 100% som avdelingsleiar frå 01.08.2026 eller etter avtale. Avdelingsleiar vil ha ansvar for avdeling for tilrettelagt opplæring. Avdelingsleiaren inngår i skulen sitt leiarteam og rapporterar til rektor.
Tilbodet om tilrettelagt opplæring i mindre grupper er basert på ei heilskapstenking kring den einskilde elev, der ein ser eleven sine ressursar og moglegheitar. Opplæringa vert lagt til rette slik at eleven på best mogleg måte kan kvalifisere seg for framtidig bustad og arbeid. Avdelinga er i vekst, og samarbeid med instanser som td. heimkommune, grunnskular, NAV, RLT og tilrettelagde arbeidsstader er ein naturleg del av oppfølginga av elevane.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å utvikle og leie avdelinga
- Personalansvar for tilsette i avdelinga
- Vikarhandtering
- Tett samarbeid med eksterne instansar
- Fellesoppgåver knytt til utviklingsarbeid og pedagogisk leiing for heile skulen
Endeleg fastsetting av arbeidsoppgåver og ansvar vil bli gjort ut frå ei heilskapsvurdering av kompetanse og arbeidsfordeling i heile leiinga.
Kvalifikasjonar
Våre krav:
- Til alle pedagogiske stillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
- Høgare utdanning og min 60 stp. i fag ein evt kan undervise i.
- Spesialpedagogisk kompetanse
Det er ønskjeleg med:
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring
- Erfaring frå vidaregåande skule
- God kompetanse innan IT og skuleadministrative program.
Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune blir tilsett med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg leiar med vilje og evne til pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
- God på kommunikasjon, både munnleg og skriftleg
- Løysingsorientert
- God lagspelar, men samtidig kunne arbeide sjølvstendig
- Strukturert og dynamisk
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- Vera del av leiarteamet
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Ellen Strandenes, rektor , 92624455Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5091935844
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Ellen Strandenes
rektor
92624455
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fb3e7c5f-27ea-488d-ae52-3784c291bb07
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
824ab9feab874456a8f162ea1ae15ed0