Avdelingsleiar
Skjoldvegen barnevernsenter, Bufetat
Haugane 15, 5212 Søfteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. mars
Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, under Bufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester §§ 3.1, 3.2 og 5.1.
Senteret har to avdelingar; Søfteland og Fyllingsdalen med til saman 7 plassar. Avdeling Søfteland ligg i Bjørnafjorden kommune og har plass til 4 ungdomar.
Vi har no ledig ein 100 % vikariatstilling som avdelingsleiar ved avd. Søfteland fram til 01.12.2026, med moglegheit for forlenging av vikariatet.
Arbeidstid er på dagtid med sommartid 08:00–15:00 og vintertid 08:00-15:45 (fleksitid), men det er viktig at avdelingsleiar kan vere fleksibel med omsyn til hendingar som skjer utanom arbeidstid. Oppstart frå snarast etter 01.06.2026.
Skjoldvegen barnevernsenter har sitt faglege rammeverk i Barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelinga etablert gode rutinar etter traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM), for å etablera ei profesjonell omsorgsramme som legg til rette for endring og utvikling.
Stillinga inneber at du må ha kompetanse på både barnevern og leiing som fagområde. Du må ha erfaring frå døgndrift. Du vil verta utfordra på å levera godt innafor oppdraget, samstundes som det forventast at du er ein pådrivar og sentral bidragsytar med tanke på å utvikle organisasjonen i tråd med kvalitetskrav i eit kunnskapsbasert perspektiv.Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spennande utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for avdelinga, herunder planlegge og sikre effektiv turnusdrift gjennom året.
- Fag- og personaloppfølging, samt ansvar for internkontroll.
- Leie, motivera og følgje opp dei tilsette.
- Sikre at avdelinga vert drifta innanfor dei administrative og økonomiske rammane som er sett, og rapportera i tråd med dette.
- Følgje opp faglege føringar og sikra dei i nedfelte rutinar og praksis.
- Leie tiltaket sitt omsorgs- og utviklingsarbeid knytt til det nye rammeverket Barnets behov i sentrum.
- Sikra godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
- Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
- Sikra godt samarbeid internt og eksternt, blant anna med familie, nettverk, kommune, skular og andre viktige samarbeidsinstansar.
Vi ser etter deg som:
- Har solid kompetanse innan barnevern og leiing.
- Har erfaring frå døgndrift og forstår kompleksiteten i målgruppa.
- Er ein trygg og tydeleg leiar som evnar å motivere og engasjere.
- Er både lyttande og handlekraftig – og som ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
- Ei stabil personalgruppe med hjarte for ungdom og blikk for faget.
- Ein arbeidsplass forankra i verdiane respekt, openheit og deltaking.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og støtte.
- Ein meiningsfull kvardag der du får vere med å forme framtida – både for ungdom og for organisasjonen.
Er du klar for å ta leiarskap som betyr noko? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:- Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Vidareutdanning i leiing eller annan relevant vidareutdanning med min. 15 stp. er ønskjeleg.
- Erfaring frå traumebevisst omsorg og gjerne Omsorg- og endringsmodellen er ei stor føremon.
- Erfaring frå å planlegge, evaluere og beslutte innan eige fag- og ansvarsområde.
- Krav til god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT ferdigheiter, samt gode haldningar til digitalisering og det å ta i bruk ny teknologi.
- Førarkort for bil er eit krav.
- Relevant leiarerfaring frå institusjonsdrift.
- Erfaring med personaloppfølging.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.
- Du står støtt når naudsynte endringar skal gjennomførast.
- Du evnar å engasjera og motivera medarbeidarar til kunnskapsbasert arbeid.
- Du har ei positiv innstilling og er løysingsorientert.
- Du har gode analytiske ferdigheiter og evne til refleksjon.
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Du er robust i ein tidvis kompleks, travel og krevjande arbeidskvardag.
- Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt for denne stillinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 700 000 - 800 000 pr. år.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Ein spanande arbeidsstad på Søfteland med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enno betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
- Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Godt tverrfagleg miljø.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Toril Dyngen, Einingsleiar, 46 61 55 16, toril.dyngen@bufetat.noArbeidssted
Haugane 155212 Syfteland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5089708368
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f4b8eb55-790e-4d30-b878-7926f4702c07
- Sist endret
13. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
15c1541fbbd941ac89237ac393a77cbb