Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule

Sted

Halhjemsmarka 50, 5208 Os

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Halhjem barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest lørdag 4. april

100% fast stilling som avdelingsleiar, frå 15.05.2026  

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.  

Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600- busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og har omlag 100 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Vi ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena etc. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til at fysisk aktiv læring, FAL, står sentralt i vårt utviklingsarbeid og virke. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus.

Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar for SFO – administrativt og pedagogisk ansvarleg for SFO.  Stillinga vil innehalde personalansvar, pedagogisk utviklingsarbeid i skule/SFO og vikarhandtering skule/SFO. Oppfølging av administrative oppgåver knytt til drift av skule/SFO – mellom anna innkjøp, timelister og personalmeldingar. Opplæring i bruk av interne datasystem som vil bli gitt. Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor strukturering av arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå Høgskule eller Universitet. Anna høgskuleutdanning innan skule / oppvekst kan vere aktuelt. Pedagogisk utdanning vil bli vektlagt. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune.

Vi treng deg som har erfaring frå arbeid med barn og som vil bidra positivt inn skulen sitt arbeid kring det pedagogiske læringsmiljøet for vaksne og barn, og det er fint om du har kompetanse innan ASK og TEACCH-metodikk. Fordel med innblikk og erfaring i bruk av skuleadministrative datasystem.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
Vi jobbar for barnas beste og ønskjer oss medarbeidarar er brenn for det, i tillegg til gode leiareigenskapar, kommunikasjons- og samarbeidsevner. Det er viktig at ein er strukturert, raus, tydelege og har god arbeidskapasitet. Engasjement, fleksibilitet, løysingsorientert og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.  

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  


Kontaktperson: Kristin Starheim
Telefon: 996 91 262


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kristin Starheim

Rektor

+47 99691262

ksta@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

69f79fec-a666-4b8e-ae66-d962e32df07c

Sist endret

13. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3606685_207781_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser