Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Sted

Skeismyra 2, 5217 Hagavik

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstillingar ved Nore Neset barneskule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Vi har ledig:
  • 100% vikariat undervisningsstilling frå 28.09.2026-08.01.2027
  • 50% vikariat undervisningsstilling frå 01.08.2026-31.03.2027
  • 100% vikariat undervisningsstilling frå 14.08.2026-26.11.2026

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.

Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2025-26 vil skulen ha 300 elevar. Saman om læring – SOL-  summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no 

Arbeidsoppgåver
Faglærarar på 1.-7. trinn, kontaktlæraransvar kan bli mogleg

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning».
­- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage».
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
- god fagleg kompetanse
- er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell 
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid 
- er framtidsretta innan digital undervisning
- bidra til eit godt og inkluderande læringsmiljø
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar 
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega 
- godt humør
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rektor Ann Irene Brunvoll

+47 938 21 216

aib@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b56ec63a-9953-4a1d-a234-54cc2ca187e1

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3611729_207773_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser