Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule
Halhjemsmarka 50, 5208 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialpedagog ved Halhjem barneskule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. april
100% fast stilling som spesialpedagog frå skuleåret 2026/27.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.
Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600-busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og har omlag 100 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Vi er nærmaste nabo til Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena etc. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til at fysisk aktiv læring, FAL, og tema til det beste for barna står sentralt i vårt utviklingsarbeid og virke. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus.
Arbeidsoppgåver
Det er ei fast stilling frå 01.08.2026, og vi søker etter spesialpedagog med relevant utdanning, og helst høgskuleutdanning GLU 1-7.trinn i grunnutdanning og tilleggsutdanning innan spesialpedagogikk. Det kan vere aktuelt med funksjon som kontaktlærar om eininga har trong for det.
Kvalifikasjonar
Godkjent GLU 1.-7.trinn frå høgskule eller universitet, samt tilleggsutdanning innan spesialpedagogikk. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ønsker kompetanse og erfaring innan spesialpedagogikk, samt begynnaropplæring i norsk, matematikk og engelsk. Søker kan gjerne ha erfaring med metodikk som TEACHH og ASK. Fint om ein har gode kunnskap om digitale læremiddel, i tillegg til praktisk-estetiske fag som musikk og kunst- og handverk. Vi ser etter ein tydeleg, pliktoppfyllande og engasjert pedagog og rollemodell. Ein pedagog som er aktiv i lærarvirket og utviklingsarbeid, samt ein medarbeidar som bidrar til eit best mogeleg skule- og arbeidsmiljø for elevar og kollegiet.
Vi treng medarbeidarar som:
- kan imøtekomme og legge til rette for elevar med ulike behov, samt er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar til elevanes beste.
- har kunnskap om og kan nytte digitale hjelpemiddel som tavler og undervisningsmateriell.
- er kreativ og kan bruke alternative læringsarena (uteskule) og gjerne har god kjennskap til FAL.
- har gode evner til samarbeid, kommunikasjon og å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegiet.
- kan ha symjeundervisning.
Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Kristin Starheim
Telefon: 996 91 262
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
65117a3b-4631-4e88-84f9-636da195bf64
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3611525_207781_nn