Hopp til innhold

100% fast stilling som barnehagelærar

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Kunne du tenka deg å bli barnehagelærar?

Kanskje er du det allereie. Kanskje jobbar du med barn i dag og kjenner at dette er yrket du vil satsa på. Kanskje har du ikkje formell utdanning enno – men eit stort engasjement for barn og lyst til å ta utdanning undervegs.

Då vil me gjerne høyra frå deg.

Me lyser no ut ei fast 100 % stilling i Lærdal kommune, for tida Borgund barnehage. For den rette søkjaren kan det vere aktuelt å tilsetja i stilling med vilkår om å ta barnehagelærarutdanning, og arbeida som konstituert barnehagelærar medan utdanninga pågår.

Borgund barnehage

Borgund barnehage er ein liten og oversiktleg to-avdelingsbarnehage, og ein del av Borgund Oppvekstsenter. Me ligg midt i lokalsamfunnet, tett på naturen og tett på folk.

Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen og SFO, og me arbeider for ein heilskapleg og trygg oppvekst for barna våre. Overgangen mellom barnehage og skule er noko me tek på alvor – og jobbar systematisk med.

Hjå oss står leik, relasjonar og fellesskap i sentrum. Me nyttar nærmiljøet aktivt som læringsarena og legg vekt på berekraft, naturglede og praktisk utforsking.

Me har eit inkluderande og trygt barnehage- og arbeidsmiljø, med tett samarbeid og rom for refleksjon. Gjennom felles rettleiing og faglege samtalar utviklar me eigen praksis – alltid med barnet sitt beste som utgangspunkt.

Her vert du sett. Her får du påverka. Her er det kort veg frå idé til handling.

Gjennom nasjonale rekrutteringsordningar kan me leggje til rette for at du tek desentralisert eller arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning samstundes som du arbeider hjå oss.

Les om dei ulike ordningane her:

Arbeidsplassbasert barnehagelærerutdanning | udir.noBarnehagelærer | arbeidsplassbasert | Bergen - Høgskulen på VestlandetBarnehagelærer | deltid - Høgskulen på Vestlandet

Ved ei slik ordning legg arbeidsgjevar til rette for deltaking på samlingar og praksis, mot ei bindingstid på to år etter fullført utdanning. Du arbeider i 80–100 % stilling ved Oppvekst Borgund – Borgund barnehage medan du tek utdanninga.

Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal», satsar Lærdal kommune på «Betre Tverrfagleg Innsats». Les meir her: Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge

Me ønskjer søkjarar som:
  • Har godkjent barnehagelærarutdanning
  • Er under utdanning som barnehagelærar
  • Har relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn og ønskjer å ta barnehagelærarutdanning

For søkjarar utan fullført barnehagelærarutdanning kan det vera aktuelt med tilsetjing på vilkår om å gjennomføre utdanning innan avtalt tidsramme.

Gyldig politiattest må leverast før tiltreding.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt.

Me ser etter deg som:
  • Er trygg, varm og tydeleg i møte med barn
  • Er god på relasjonsbygging og samarbeid
  • Har engasjement for leik, læring og utvikling
  • Tek ansvar og bidreg i eit profesjonsfellesskap
  • Er løysingsorientert og trivst i ein variert kvardag
  • Har evne og vilje til fagleg utvikling
Arbeidsoppgåver
  • Planlegging og gjennomføring av pedagogisk arbeid
  • Samarbeid med pedagogisk leiar og øvrige tilsette
  • Aktiv deltaking i fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø 
Me tilbyr
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjonsordningar
  • Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme og stort engasjement
  • Eit lite og tett fagmiljø med høg grad av medverknad
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare utdanning

Lærdal kommune har full barnehagedekning, gratis fulltids-SFO for 1.–2. trinn og gratis deltids-SFO for 3. trinn, samt eit aktivt kultur- og lokalsamfunn.

I denne stillinga vil du jobbe under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vere tilsett i Lærdal kommune. Ved behov kan stillinga nyttast ved begge barnehagane i kommunen.

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Linda Maristuen

41513567

linda.maristuen@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f9ef716c-699b-41e4-a25f-8144921de75c

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3598403_229325_nn

Lignende annonser