Jordmor, i inntil 100% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hostelandslia 15, 5986 Hosteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Eining helse. Tilsetjing i inntil 100% fast stilling som jordmor frå snarast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Om stillinga
Vil du vere med å vidareutvikle eit viktig tilbod til gravide, barselkvinner og familiar i Gulen og Masfjorden kommune?
Me har ledig i inntil 100% fast stilling som jordmor fordelt på Gulen og Masfjorden kommune. Gulen kommune er vertskommune for stillinga, og den er organisert under eining helse og helsestasjonstenesta. Kontorstad vil, for tida, vere Eivindvik og Hosteland. Fordelinga vil variere etter behov.
Kommunane har til saman rundt 30–40 fødslar per år. Stillinga gir høve til å arbeide tett på brukarane og bidra i eit viktig førebyggjande og helsefremjande arbeid.
Me kan tilby
- Ei meiningsfull og variert stilling i to kommunar
- Høve til å vere med og utvikle jordmortenesta og helsestasjonstilbodet i Gulen og Masfjorden
- Faglege utfordringar og sjølvstendig arbeid
- Samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
- Løn- og tilsetjingsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ledig barnehageplass i kommunane
- Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden
Arbeidsoppgåver
Jordmora har sentrale oppgåver innan svangerskaps-, fødselsførebuande- og barselomsorg. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Svangerskapsomsorg og oppfølging av gravide
- Barseloppfølging og heimebesøk etter fødsel
- Fødsels- og foreldreførebuande arbeid
- Rettleiing, støtte og rådgjeving til gravide, barselkvinner og familiar
- Ammerettleiing
- Prevensjonsrettleiing og kvinnehelsearbeid
- Tverrfagleg samarbeid med helsestasjon, fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre relevante tenester
- Deltaking i utviklingsarbeid innan tenesta
- Andre oppgåver som kan kome til
Sidan stillinga som jordmor er større enn tal fødande tilseier, ynskjer ein å nytte kompetansen innanfor andre tilgrensande oppgåver etter kompetanse, erfaring og behov.
Noko ettermiddag- og kveldsarbeid må reknast med.
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter ein medarbeidar som:
- Har norsk autorisasjon som jordmor, i tråd med gjeldande regelverk
- Oppfyller krav til forsvarleg yrkesutøving etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Har førarkort klasse B og disponerer eigen bil
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring frå svangerskapsomsorg, barseloppfølging og arbeid i kommunehelsetenesta
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på at du:
- Er trygg, fagleg engasjert og brukarorientert
- Arbeider sjølvstendig, men også godt i samarbeid med andre
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen og Masfjorden kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell- og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar. Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f99b102a-2684-48c1-a393-601ea6868b9e
- Sist endret
18. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10296326