Hopp til innhold

Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar patrulje

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Kvernhushaugene 2, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Avsnittsleiar patrulje
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida i Geografisk driftsenhet Hordaland, er det ved Nordhordland politistasjonsdistrikt ledig stilling som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som avsnittsleiar ved patruljeavsnittet. Nordhordland politistasjonsdistrikt består av to avsnitt, avsnitt for patrulje og avsnitt for etterforsking. I tillegg har tenesteeininga tenestestadsleiar i Masfjorden, fungerande tenestestadsleiar ved Osterøy og fagleiar for kriminalitetsførebygging.  

Vest pd. har eit pågåande utviklingsprosjekt, Framdrift Vest. Her kan det koma organisatoriske endringar som kan ha innverknad på stillinga, men dette er førebels ikkje avklart. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer ein tydeleg og inspirende leiar som trivst med å ta ansvar for både menneske og resultat. Vi stiller høge krav til motivasjon, kompetanse, arbeidsmoral og etisk medvit. Du er genuint opptatt av å utvikle og motivere medarbeidarar. Du er ein kulturbærar og du har evna til å skape engasjement og gjennomføre nødvendige endringar. I ein hektisk kvardag har du evna til å bevare roen og tar ansvar for organisering og prioritering. 

Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane og handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga av kandidatar vil vi mellom anna leggje vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø


Arbeidsoppgåver

  • Personal, HMS- og resultatansvar for eige avsnitt
  • Ansvar for å organisere den daglege tenesta ved avsnittet
  • Ansvarleg for mønstring / utsetjing av mannskapa
  • Leie mannskapa til kunnskapsstyrt politiarbeid
  • Operativ leiing, inkludert innsatsleiing ved behov
  • Delta i politioperativ teneste ved behov, og gi fagleg rettleiing til tenestepersonar ved avsnittet
  • Vere med å utvikla kultur for openheit og likeverd, gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
  • Sørge for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggarar, andre tenesteeiningar.
  • Aktiv deltaking i tenesteeininga si leiargruppe. Følgje opp og sette i verk leiargruppa sine avgjerder
  • Aktiv samhandling med andre leiare i tenesteeining
  • Mediekontakt for eige ansvarsområde
  • Andre oppgåver pålagde av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Vere IP- godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
  • Erfaring frå straffesaksetterforsking
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Kjennskap til systematisk HMS-arbeid
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
  • God system- og IT-kompetanse
  • Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskeleg med:

  • Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
  • Leiarutdanning og leiarerfaring er ein fordel
  • Brei politifagleg kompetanse innan operativt politiarbeid og etterforsking er ein fordel
  • Lang og allsidig operativ IP-erfaring vil bli vektlagt
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god
    gjennomføringsevne
  • Gode leiar eigenskapar, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
  • Motivere og skape resultat i samhandling med andre, både internt og eksternt
  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
  • Evne til å tenke klart i ein hektisk arbeidskvardag, og leie andre
    gjennom det same
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i
    samfunnsoppdraget til politiet
  • Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas polititenester
  • Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287) med årslønn: frå kr. 880.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
  • Gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og utvikle deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju.

Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV

Seksjon for HR

207.HR@politiet.no

Julie Ekeland

Politistasjonssjef

+4798264270

julie.ekeland@politiet.no

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7f4d908-fb80-4ea7-9f39-6d0b6657c85d

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283769

Lignende annonser