Rådgjevar/seniorrådgjevar innan mottaksoppfølging og saksbehandling
UDI RKV
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorrådgjevar innan mottaksoppfølging og saksbehandling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Er du på jakt etter ein variert arbeidskvardag der du får brukt kompetansen din til eit viktig samfunnsoppdrag? Som mottaksoppfølgjar og saksbehandlar får du nettopp det. Hos oss er det rom for læring og utvikling, og du får høve til å bidra i arbeidet med å forbetre tenestene våre.
Rådgjevar/seniorrådgjevar innan mottaksoppfølging og saksbehandling
UDI’s Regionskontor Vest (Bergen)
Trur du det er tungvint og tregt i staten? Gløym det! I UDI – og særleg i Mottak og retur – er det høgt tempo og mykje aktivitet. Vi er ein beredskapsorganisasjon som blir påverka direkte av det som skjer i verda.
Det er ansvaret vårt å sikre at flyktningar og asylsøkjarar får ein stad å bu frå dei kjem til Noreg og fram til dei får svar på søknaden sin, og anten blir busette i ein kommune eller returnerer til heimlandet. Det inneber mellom anna at vi kjøper inn og følgjer opp korleis vi driv av mottaka, og utbetaler økonomiske ytingar. Vi har òg ansvar for arbeid som forebuer for busetting og assistert retur. Du blir ein del av ei matriseorganisasjon som arbeider i tverrfaglege nasjonale team.
UDI satsar stort på modernisering og utviklar tenestene våre for å møte endra brukar- og samfunnsbehov. Vi treng deg med på laget – ein som kan bidra i viktig innovasjonsarbeid og sjå dei moglegheitene teknologien opnar for. Samstundes som vi jobbar med utvikling, er det òg viktig å forvalte dagens system og løyse dei oppgåvene vi til ei kvar tid har. For å lukkast hos oss må du vere ein lagspelar med endrings- og samspelskompetanse, samstundes som sjølvstende er ei viktig eigenskap.
Arbeidsoppgaver
Regionkontoret i Bergen er ein del av Mottak- og returprosessen i UDI. Hos oss er vi 13 medarbeidarar som har ansvar for asylmottaka i Rogaland og Vestland. Dei som arbeider hos oss, er òg med i ulike tverrfaglege team der vi samarbeider med tilsette i heile landet
Prioriterte arbeidsoppgåver
- Rettleie tilsette i asylmottak om innhaldet i krav til drifta og sikre at mottaka driv i trå med avtalar og krav
- Handsaming av saker på ulike område knytt til drift av asylmottak, mellom anna å ivareta rettane til bebuarane. Dette kan vere økonomiske ytingar til bebuarar, aktivitetsmidlar til barn og unge og alternativ mottaksplassering (AMOT)
- Samarbeide med vertskommunar, helsetenestene, politi og andre etatar for å bidra til å sikre rettane til mottaksbebuarar
- Oppfølging og utvikling av det busettingsførebuande arbeidet i asylmottak
- Utvikling og utgreiing knytt til det føregåande, også knytt til forbetringsarbeid, innovasjon og å nytte ny teknologi i tenestene
- Elles hjelpe på andre område i Mottak og retur når det trengs
Du må rekne med noka reiseverksemd fordi du skal følgje opp mottak i regionen.
Kvalifikasjoner
Kvalifikasjonskrav du må oppfylle:
- mastergrad, gjerne innan samfunnsvitenskapeleg, juridisk, økonomisk eller helsefagleg retning. Bachelorgrad og relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad.
- ha erfaring med sakshandsaming og å fatte enkeltvedtak
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskeleg med:
- erfaring frå offentlege forvaltning
- erfaring frå oppfølging av kontraktar eller tilsynsarbeid
- teknologikompetanse, evne å løfte blikket og bidra til utvikling og bruk av moderne verktøy i arbeidsprosessane.
- erfaring med forbetringsarbeid
- relevant erfaring innan migrasjon, bistand, internasjonal erfaring, utlendingsforvaltinga eller anna erfaring med målgruppen
Personlige egenskaper
- nøyaktig, strukturert og likar å få jobben gjort
- ein lagspelar og trivst med å arbeide i team og byggje relasjonar
- analytisk, proaktiv og likar å jutvikle nye løysingar og rutinar
- digitalt nysgjerrig og liker å setje deg inn i nye system
- god til å formidle
- tek ansvar for eigne og felles resultat
- har stor arbeidskapasitet og trivst med mange arbeidsoppgåver samtidig
Vi tilbyr
Difor bør du velje oss
Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar verkar direkte inn på jobben vår, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei aller beste kollegaene (meiner vi).
Stillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet kr 680 000 – 800.000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent av lønna di til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar.
Praktisk informasjon
Du søkjer på stillinga gjennom søknadssystemet Webcruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved dette i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som du lastar opp frå Vitnemålsportalen gjennom Webcruiter (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no), og vitnemål frå utdanninga må leggjast ved.
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste i samsvar med offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne lista, men då må du grunngje ønsket. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg på førehand.
I samarbeid med ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi stadfestar CV og annan
Kontaktinformasjon
Njård Håkon Gudbrandsen, Regiondirektør, 415 11 842Reni Kelava, Seniorrådgiver, 476 46 963
Arbeidssted
Nygårdsgaten 1125008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: UDIReferansenr.: 5052229799
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Reni Kelava
Seniorrådgiver
476 46 963
Njård Håkon Gudbrandsen
Regiondirektør
415 11 842
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6e6141c-4499-4667-ab66-6acc0da441de
- Sist endret
9. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bfd18e2e4cb749729c28bb1f7a075c83
Lignende annonser
Arbeidsgiver
UDI
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Nav Bergen nord, Bergen kommune
Sted
Ulset
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen