Hopp til innhold

Postvert

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Postvert
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 7. mai

Vi har ledig ei 100% fast stilling som postvert ved Kirurgisk sengepost A.

Vi søkjer ein postvert som ønskjer å vere ein viktig del av kvardagen og bidra til ei velfungerande kirurgisk sengepost. Som postvert/assistent bidreg du til at pasientar, pårørande og tilsette opplever ein trygg, ryddig og god kvardag på sengeposten. Du jobbar i tett samarbeid med sjukepleiarar og øvrig personell, og har ei sentral rolle i det praktiske arbeidet på posten.

Ved intern tilsetjing kan andre stillingar bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegging rundt pasientane (måltider, rydding, orden)
  • Oppfylling av forbruksutstyr og medisinsk utstyr
  • Reinhald og klargjering av pasientrom og fellesarealer
  • Praktiske oppgåver som bidreg til god drift på posten
  • Enkle administrative og logistiske oppgåver ved behov

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå helseinstitusjon er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Grunnleggande IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og omsorgsfull
  • Strukturert og påliteleg
  • Trivst med samarbeid og eit høgt arbeidstempo
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg til et godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5072911972
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Andre Giskegjerde Høybakk

Seksjonsleiar

+47 70 10 58 17

andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f57ec403-29c3-4f62-b0d2-79f2bbcbd99a

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

db1ec24ef7954c80a7781f5d39e4c072

Lignende annonser

Laster lignende annonser