Hopp til innhold

Vikariat som rettleiar

Arbeidsgiver

Nav Luster

Sted

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger, Øyagata 14b, 6868 Gaupne

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. februar

Er du modig og trur det finst moglegheiter for alle? Er du flink å bygge relasjoner og har lyst til å jobbe i eit  fagleg dyktig og engasjert team? Då kan du bli vår nye kollega.
 
Nav Luster har ledig eit vikariat som rettleiar. Stillinga er statleg og inngår i eit regionalt ungdomsteam i Sogn. Teamet har ansvar for arbeidsretta oppfølging av unge i alderen 16 - 30 år i heile regionen, i samsvar med Nav sin ungdomsgaranti.  Ein av våre medarbeidarar skal ha permisjon, og vi søker difor etter ein vikar frå 1. mai 2026 og fram til 30. april 2027.   

Du kan lese meir om Nav sin ungdomsgaranti på denne sida

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsretta oppfølging av unge i alderen 16 - 30 år i heile regionen, i samsvar med Nav sin ungdomsgaranti
  • Kartlegging av ressursar, hindringar og moglegheiter for arbeid, kvalifisering eller aktivitet
  • Samhandling med behandlarar, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre for å nå brukar sitt mål om arbeid, kvalifisering eller aktivitet
  • Rettleie i bruk av Nav sine digitale tenester
  • Gjennomføre møte med arbeidsgivarar og samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, til dømes sosialfagleg eller pedagogisk utdanningsretning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Relevant erfaring med rettleiing eller oppfølging av ungdom
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort kl. B
Det er ein fordel om du har:
  • Kjennskap til utdanningsmoglegheiter
  • Kjennskap til arbeidslivet og erfaring frå samarbeid med arbeidsgivarar eller utdanningsinstitusjonar
  • Erfaring frå saksbehandling eller lignande arbeid frå offentleg sektor
  • Kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag

Kva ser vi etter hjå deg?

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver
  • God relasjonskompetanse
  • Arbeider målretta og strukturert
  • Trygg og tydeleg i møte med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartar
  • Evne til å motivere og engasjere for å gi menneske moglegheiter
  • Likar å jobbe i team

Kvifor velje oss

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • Godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • Relevant opplæring og gode høve til utvikling
  • Fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • Statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 - 643.000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
Les meir om å jobbe i Nav

Kontaktinformasjon

Renate Loven, Leiar Nav Luster, 958 61 742, renate.loven@nav.no
Rigmor Wathne, Avdelingsleiar Nav Sogndal, Tenester til Arbeidsgjevar, 472 86 676, rigmor.wathne@nav.no

Arbeidssted

Øyagata 14b
6868 Gaupne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5078887451
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 26.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Rigmor Wathne

Avdelingsleiar Nav Sogndal, Tenester til Arbeidsgjevar

472 86 676

rigmor.wathne@nav.no

Renate Loven

Leiar Nav Luster

958 61 742

renate.loven@nav.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f532acb4-9958-47c4-8a6f-c19ced624a80

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bf53c6807a074416a79fda618de036db

Lignende annonser

Rettleiar ungdom og unge vaksne

Arbeidsgiver

Nav Bergen sør

Sted

Kokstad