Rettleiar
Nav Bergen sør
Kokstadflaten 40, 5257 Kokstad
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar ungdom og unge vaksne
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. februar
Vil du bidra til at personar som er arbeidsledige, er sjuke eller har nedsatt arbeidsevne kjem seg i arbeid? Trur du at dei fleste, sjølv med fysiske eller psykiske utfordringar, kan stå i ordinært arbeid? Ønskjer du å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi har no ledig ei fast stilling i Ungdomsteamet Nav Bergen Sør.
Her får du jobbe med oppfølging av unge brukarar og vere ein viktig del av eit kontor som har høge ambisjonar for kvalitet og resultat. Vi jobbar etter prinsippet om kontinuerleg forbetring for å gje brukarane våre best mogleg støtte og nye moglegheiter. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
I perioden 2025–2028 skal sju kontor i Noreg prøve ut Ungdomsprogrammet, som er ei ny satsing frå regjeringa for å hjelpe fleire unge arbeidssøkjarar ut i utdanning og arbeid. Nav Bergen Sør er eit av dei kontora som testar ut Ungdomsprogrammet.
Nav Bergen Sør er eit av fire bydelskontor i Bergen. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Vi er til saman om lag 95 tilsette, herav 45 er statleg tilsette. Ungdomsteamet har 18 engasjerte medarbeidare.
Kva går jobben ut på?
- kartleggje og motivere for arbeid og aktivitet
- følgje opp og rettleie gjennom samtaler og samarbeidsmøte
- rettleiing av større grupper med ungdom
- ha digital kommunikasjon med brukar
- sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltningslova
- sjå brukar sin kompetanse og korleis brukaren kan kome raskt i jobb
- ha tett dialog med arbeidsgivarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- utdanning på minimum bachelornivå. Sosialfagleg, samfunnsfagleg, juridisk, pedagogisk eller helsefagleg utdanning er ein fordel. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- vera flink til å bruke digitale verktøy i arbeidet, og ha kjennskap til Office 365
- god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med å rettleie og motivere ungdom mot arbeid eller utdanning
- erfaring frå rettleiing av større grupper
- kunnskap om utdanningstilbod og arbeidsmarknaden
- erfaring med å avklare behov og støtte brukarar på vegen mot arbeid eller utdanning
- erfaring frå å jobbe i samarbeid med andre, til dømes gjennom nettverk
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
Kva ser vi etter hos deg?
- byggjer tillit og gode relasjonar til ulike menneske
- kommuniserer tydeleg og motiverer til endring
- arbeider strukturert og handterer ein variert kvardag
- er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss?
- moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- opplæring, kurs og kompetanseheving
- aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Susanne Wærn van Hoek, Avdelingsleiar, 48209642, susanne.wern.van.hoek@nav.noArbeidssted
Kokstadflaten 405257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5078471437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
562c9519-deef-41fe-9845-7d43aa24c531
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f5e82be1d4404b648acaf4efcc0e67d7
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nav Bergen sør
Sted
Kokstad
Arbeidsgiver
Rettleiar for ungdom // Nav Øygarden, Avdeling Ungdom
Sted
Straume
Arbeidsgiver
Nav Bergen sør
Sted
Kokstad