Hopp til innhold

Vil du gjere en forskjell i unge menneske sine liv?

Arbeidsgiver

Rettleiar for ungdom // Nav Øygarden, Avdeling Ungdom

Sted

Grønamyrvegen 18, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Nav Øygarden søker ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til ungdomsavdelinga vår! Hos oss får du moglegheit til å jobbe tett på ungdom i krevjande livssituasjonar – unge som treng støtte, tryggleik og nokon som trur på dei. Vi ser etter deg som brenn for ungdomsarbeid, som evner å bygge tillit og som trivast i ein hektisk arbeidskvardag.

Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume. Vi har om lag  85 tilsette som legg til rette for at Øygarden kommune sine innbyggjarar får saumlause og koordinerte tenester. Avdeling Ungdom har 16 tilsette som saman jobbar målretta for å styrke unge i overgangen til utdanning og arbeid.  Avdelinga har ei ledig stilling som ungdomsrettleiar frå april.

Hos oss vil du få spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåve knytt til eit viktig samfunnsoppdrag. Du vil få jobbe i eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer. I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søkje stillinga.


Kva går jobben ut på ? 

  • følge opp eigen portefølje av unge arbeidssøkjarar som ein skal kartlegge, motivere og rettleie på vegen mot utdanning eller jobb
  • arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av unge mellom 16 og 30 år
  • tverrfagleg samarbeid i og utanfor Nav
  • dokumentere oppfølging og kontakt med samarbeidspartnarar
  • vere prosessrettleiar i gruppeoppfølging
  • andre oppgåver kan bli lagt til stillinga 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • digital kompetanse som gjer at du kjem raskt i gang med nye system
  • erfaring med oppfølging av ungdom i utanforskap eller tilsvarande arbeid
Det er ein fordel om du her
  • kompetanse innan psykisk helse og/eller rus
  • erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarknaden, opplæringsmoglegheiter og inkluderingsarbeid
  • kjennskap til NAV sine teneste
 

Kva vi ser etter hos deg?

  • du er god på å bygge relasjonar, motivere og inspirere
  • du er strukturert, systematisk og effektiv
  • du er robust og har evne til å jobbe tett på menneske som er i ein krevjande livssituasjon

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar 
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • løn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr. 622.000 – 660.000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.

Kontaktinformasjon

Kari Mette Fedje, Avdelingsleiar, Nav Øygarden, 93423727, Kari.Mette.Fedje@nav.no

Arbeidssted

Grønamyrvegen 18
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5078513781
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari Mette Fedje

Avdelingsleiar, Nav Øygarden

93423727

Kari.Mette.Fedje@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f31d61a4-2a90-4be2-b07d-fa08a6365cee

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1ccddae779eb4364bd62f8a4f6b149c5

Lignende annonser

Inkluderingskontakt 100% vikariat , avdeling ungdom

Arbeidsgiver

Øygarden kommune NAV Øygarden

Sted

Straume