Rettleiar - vikariat til 31.12.2026
Nav Ullensvang
Eitrheimsvegen 32, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar - vikariat til 31.12.2026
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. mars
Nav Voss og Hardanger omfattar kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Kvam og Vaksdal. Denne stillinga har kontorstad i Odda og inngår i det regionale sjukefråværsoppfølgingsteamet i Nav region Voss og Hardanger.
Arbeidet har som hovudmål å bidra til redusert sjukefråvær og styrkt arbeidsinkludering gjennom målretta oppfølging av brukarar. Oppfølginga skjer i hovudsak digitalt, men noko reising må påreknast.
Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, tett samarbeid med sjukemeldte, arbeidsgivarar og helsetenesta – og høve til å bidra til at fleire kjem tilbake i arbeid. Du blir ein del av eit kompetent og engasjert team som jobbar målretta for å skape gode prosessar som fremjar meistring og inkludering.
Arbeidskvardagen i Nav er prega av hyppige endringar, og det er viktig at du er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med nye oppgåver og arbeidsmetodar. Hos oss får du ein variert og utviklande arbeidsdag med stor betydning for både enkeltpersonar og samfunn.
Kva går jobben ut på?
- sjukefråværsoppfølging, primært gjennom digital oppfølging
- kartleggje den enkelte sine ressursar og moglegheiter
- rettleie, motivere og leggje til rette for at brukarar kjem i arbeid
- planleggje, koordinere og leie møter der mottakarar av sjukepengar, arbeidsgivar og helsetenesta deltek
- bruke relevante tiltak og verkemiddel for arbeidsinkludering
- gjere vurderingar, saksbehandle og dokumentere i tråd med aktuelt lovverk som folketrygdlova, forvaltningslova og Nav-lova
- delta i mottaksteam ved lokalkontoret
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- utdanning på bachelornivå, gjerne innan fagområde som helse, sosial og samfunnsfag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- kompetanse innan rettleiing
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- gode digitale ferdigheiter
- førarkort klasse B
- relasjonskompetanse
- erfaring frå oppfølgingsarbeid
- erfaring med saksbehandling og god forståing for å jobbe etter gjeldande lovverk
- god kjennskap til arbeidsmarknaden i region Voss og Hardanger
Kva ser vi etter hos deg?
- byggjer sterke relasjonar
- jobbar strukturert og systematisk
- er fleksibel og løysingsorientert
- har sterk indre motivasjon for å hjelpe menneske
Kvifor velje oss?
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- spennande oppgåver i møte med sjukemeldte, helsetenesta og arbeidsgjevarar
- fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor
- tilsetting i stillingskode 1434 Rådgjevar med lønnspenn frå kr. 622.000 til kr. 658.400 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Grete Grønnestad
Arbeidssted
Eitrheimsvegen 32
5750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5080697796
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 02.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Grete Grønnestad
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cb3982ca-50a8-4160-9e24-aa57c4791a0b
- Sist endret
20. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d764a1490ff84ec6b1ad56125ee76e06
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rus og psykisk helse
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bokko bo- og behandlingssenter
Sted
Odda