Hopp til innhold

Sosialkonsulent Nav Austevoll

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sosialkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om arbeidsstaden

Nav Austevoll er ein spennande arbeidsplass med kvalifiserte og motiverte medarbeidarar, og vi jobbar målretta for å skape gode levekår og livskvalitet for brukarane våre. Eit viktig virkemiddel mot fattigdom er auka sysselsetting og å hjelpe brukarar til løna arbeid og/eller kvalifisering, og å legge til rette for inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Nav Austevoll held til i 3. etasje i Helsehuset på Storebø. Flyktningtenesta er organisert i Nav Austevoll, og vi er i alt 9 tilsette.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner


Om stillinga

Nav Austevoll har ledig 100% fast stilling som sosialkonsulent. Vi ser etter deg som er oppteken av menneske og Nav sitt samfunnsoppdrag. 

Vert du motivert av å hjelpe andre med å løyse sine utfordringar? Er du ein relasjonsbyggar og trygg i møte med andre? Er du strukturert, løysingsdyktig og trivst med høgt arbeidstempo?   

Då ynskjer vi å ha deg med på laget vårt.     

Ansvar og arbeidsoppgåver
  • Rettleiing, hjelpe og følge opp personar i vanskelege livssituasjonar, samt sakshandsaming og  skjønnsutøving i høve til gjeldande lovverk.
  • Rettleiing om budsjett og privatøkonomi, samt enkel gjeldsrådgivning
  • Arbeidsretta brukaroppfølging og motivasjons- og endringsarbeid til brukarar med ulike utfordringar
  • Inngå i mottaksteam og plan for handtering av vakttelefon for akutte henvendingar 
  • Koordinering av oppfølgingsarbeid med øvrig hjelpeapparat og samarbeidspartar

Nav Austevoll jobbar kontinuerleg for å levere gode tenester til våre brukarar og samarbeidspartar, og dette kan medføre endringar i   arbeidsoppgåver.


Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig høgskuleutdanning (bachelor) innan sosialfag
  • Annan høgskuleutdanning (minimum bachelor) kan bli vurdert dersom søkar har relevant erfaring frå arbeid i NAV og/eller liknande arbeid med forvaltning og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar     
  • Kjennskap Nav sitt samfunnsoppdrag 
  • Erfaring frå arbeid med offentlig forvaltning og kjennskap til lov om sosiale tjenester
  • God økonomisk forståing og interesse for fagfeltet
  • Gode norskkunnskapar, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskaper
  • Førarkort for personbil 

 

Personlege eigenskapar:

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som har 

  • eit positivt menneskesyn og som evnar å skape gode relasjonar til menneske i utfordrande livssituasjonar    
  • evne til rettleiing og sakshandsaming på dels krevande fagområde
  • har godt humør og evne til å inspirere og motivere, og sjå moglegheiter framfor begrensningar
  • stor arbeidskapasitet, er strukturert og har evne til å arbeide målretta - sjølvstendig og i team 
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • evne til å handtere og prioritere mange oppgåver i ein hektisk kvardag

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte oppgåver ved eit NAV-kontor som har fokus på fagleg kvalitet og utvikling, god brukaroppfølging og godt arbeidsmiljø
  • Rettleiing frå erfarne medarbeidarar og relevant opplæring/kurs for å møta nye oppgåver og metodar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kommunal tilsetting, med løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.

Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4c104f5-4f12-4173-bfc2-186e5ab2f263

Sist endret

30. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10277557

Lignende annonser