Lærar Voss Folkehøgskule
Stiftinga Voss Folkehøgskule
Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Årsvikariat linjelærar ekstremsport bratt
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
Voss Folkehøgskole søker ein engasjert og allsidig linjelærar i 100 % stilling , vikariat med oppstart 10. august 2026 og varigheit til 20. mai 2027.
Om skulen
Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med fokus på fellesskap, personleg utvikling og aktiv læring. Skulen har eit variert linjetilbod og legg stor vekt på relasjonar, opplevingsbasert undervisning og eit inkluderande skulemiljø. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader i ekstremsportbygda Voss.
Undervisning og oppfølgjing av elevar på linja Ekstremsport Bratt
Hovudaktivitetane på linja er:
-
Heisbasert ski/snowboard
-
Klatring inne og ute
-
Stisykling
-
Basisaktivitetar for koordinasjon, til dømes dødsing, trampoline, skating osv.
-
Deltaking i skulen sine felles pedagogiske og sosiale oppgåver, mellom anna tilsynsvakter
-
Planlegging og gjennomføring av turar, prosjekt og arrangement
-
Noko kvelds- og helgearbeid må reknast med som ein del av det heilskaplege tilbodet ved folkehøgskulen
Relevant høgare utdanning og/eller solid fagleg erfaring innan aktivitetane på linja
Klatreinstruktør inne
Pedagogisk erfaring er ønskjeleg
Gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar med ungdom, samt erfaring med tilrettelagd undervisning
Personleg eignaheit vil verte vektlagd
Førarkort klasse D1E med tilhengar er ein fordel
Vi søkjer deg somEr engasjert, fleksibel og trygg i vaksenrolla
Trivst med varierte arbeidsdagar og høgt aktivitetsnivå
Bidreg positivt til skulen sitt fellesskap og verdigrunnlag
Vi tilbyrEit meiningsfullt arbeid i eit levande skulemiljø
Engasjerte kollegaer og tett samarbeid i personalet
Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
Om bedriften
Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Skulen ble opprettet i 1895. Voss Folkehøgskole eigast av ein eigen stiftelse, og tar årleg imot opptil 126 elevar, fordelt på 9 linjer.
Skulen ligg vakkert til, midt i smørauget av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Omkransa av fjell speglar skulen seg i Vangsvatnet, berre 10 minutters gange frå Voss sentrum med alt bygda har å by på. Ein perfekt stad for ein folkehøgskule!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f4341879-3336-4636-a337-2f98a6c27a31
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
459988671