HR-rådgjevar
Vest politidistrikt
Vestre strømkaien 7, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- HR-rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Om stillinga
Vil du jobbe som HR-rådgjevar i ei kompleks og spennande verksemd med eit meiningsfylt samfunnsoppdrag? I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar ved Seksjon for HR. Seksjonen er ein del av Stab for HR og HMS som er ein strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hennes leiargruppe i Vest politidistrikt.
Som HR-rådgjevar vil du ha ansvar for éin eller fleire driftseiningar, og vere ein viktig støttespelar for leiarane i HR-relaterte saker. Du gir råd, rettleiing og er ein aktiv samtalepartnar, slik at leiarane blir godt rusta til å ivareta medarbeidarane og løyse sine oppgåver.
Ein sentral del av rolla er å bidra til at rett person kjem i rett stilling – med rett kompetanse og rett lønn. Du skal også bidra til å utvikle og behalde medarbeidarar, og støtte opp under at Vest politidistrikt er ein attraktiv og trygg arbeidsplass som tiltrekkjer dei beste kandidatane. Som HR-rådgjevar er du med på å drifte, utvikle og kontinuerleg forbetre arbeidsgivarrolla i politidistriktet – i tett samarbeid med leiarar og fagmiljøet i HR og HMS.
HR-seksjonen består av 10 dyktige medarbeidarar med variert utdanningsbakgrunn og god spreiing på alder og kjønn.
Vi har eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgd, og er opptekne av å spele kvarandre gode. Vi holder til i lyse og trivelige lokaler, og sitter i åpent kontorlandskap.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som vil bidra til god HR-fagleg kvalitet i møte med leiarar og medarbeidarar i Vest politidistrikt. Du vil få ei viktig rolle i eit fagleg sterkt HR-miljø, og vere med på å utvikle politiet som ein attraktiv og trygg arbeidsplass.
Du har god forståing for arbeidsgivarrolla og evnar å gi trygg og relevant støtte i ulike HR-situasjonar. Du trivst med å gi opplæring, råd og rettleiing, og er ein aktiv bidragsytar i utviklinga av HR-arbeidet i politiet.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Vil du vere med oss på laget?
Arbeidsoppgåver
Som HR-rådgjevar vil du ha eit variert og viktig ansvarsområde, med hovudvekt på rådgjeving og støtte til leiarar i driftseiningane. Dine sentrale oppgåver vil vere:
- Gi opplæring, råd og rettleiing til leiarar i rekrutteringsprosessar
- Yte HR-rådgiving innanfor eit breitt spekter av HR-relaterte spørsmål
- Utføre sakshandsaming og administrativ oppfølging av HR-saker
- Bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosessar i HR-arbeidet
- Utføre andre oppgåver etter behov og pålegg frå overordna
Kvalifikasjonar
For å vere kvalifisert må du ha:
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan i særkilde høve kompensere for kravet til utdanning
- God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system og verktøy
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må leverast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Det er ein fordel om du har:
Personlege eigenskapar
For å lykkast i rolla som HR-rådgjevar bør du vere:
- God til å kommunisere og bygge tillit i møte med leiarar og kollegaer
- Strukturert og sjølvstendig, med evne til å prioritere og ta initiativ
- Løysingsorientert og komfortabel med å handtere både operative og strategiske HR-oppgåver
- I stand til å sette deg raskt inn i komplekse problemstillingar og formidle desse på ein forståeleg måte
- Nøyaktig og ansvarleg i sakshandsaming og administrativ oppfølging
- Engasjert i fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring av rutinar og prosessar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas politi
- Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 750.000. Vidare lønnsutvikling skjer i tråd med hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og forsikringsordningar: www.spk.no
- Gode arbeidsvilkår, som fleksibel arbeidstid, sommartid og trening i arbeidstida
- Lyse og moderne kontorlokale med ope landskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f3bb73d6-218b-46bf-bcc3-5a9d631be02e
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269448
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Politibetjent 3/2/1 operatør FOT operasjonssentralen
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen