Politiadvokat 2 / Politiadvokat
Vest politidistrikt
Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
 - Politiadvokat 2 / Politiadvokat
 - Type ansettelse
 - Fast, heltid 100%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 2
 
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. november
Om stillinga
I Vest politidistrikt har vi ledig 2 faste stillingar som politiadvokat 2 (SKO 1543) ved Felles eining for påtale, Seksjon for vald og seksuelle overgrep. Ved interne opprykk eller manglande formelle kvalifikasjonar som politiadvokat 2 er det ledig stilling som politiadvokat (SKO 1245). Stillingane er stadsplassert i Bergen.
Seksjon for vald og seksuelle overgrep har påtaleansvar for sakar som gjeld seksuelle overgrep mot barn og vaksne, og dei alvorlegaste valdslovbrota som mellom anna drap og forsøk på drap. Stillingane vil innebære ordinært påtale- og porteføljearbeid med sakar innunder fagfeltet til seksjonen. Påtaleseksjonen består per i dag av 18 juristar, under dette ein seksjonsleiar og to fagleiarar. Dei andre er politiadvokat 2 eller politiadvokat. Du vil bli ein del av eit fagleg dyktig og godt arbeidsmiljø og du får ansvar for eigen portefølje der du må sjå til at straffesaksbehandlinga held høg kvalitet og er i tråd med gjeldande føringar og retningslinjer.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I tillegg ser vi etter deg med evne til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Avgjera når det skal setjast i verk etterforsking og leia etterforskinga til polititenestepersonane, under dette bruk av tvangsmiddel
 - Innanfor eigen saksportefølje, sikre at sakene blir etterforska i tråd med gjeldande regelverk og faglege standardar, under dette straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og retningslinjer for straffesaksarbeidet, nasjonale og lokale retningslinjer og andre direktiv jf. Påtaleinstruksen §7-5 anna ledd
 - Gjennomføre løpande påtalevurderingar og påtalevedtak i eigen saksportefølje, under dette vedta eller krevja avgjerda til retten om bruk av tvangsmiddel og metodebruk, jf. Straffeprosesslova §67, og føre kontroll med bruk av tvangsmiddel, under dette skjulte metoder
 - Gjennomføre nødvendige innstillingar til overordna påtalemakt
 - Utføre aktorat, jf. Straffeprosesslova §76 for tingrett og lagmannsrett
 - Gi fagleg støtte og rettleiing til politifagleg etterforskingsleiar, etterforskarar, ordensstyrken og operasjonssentral om saksbehandlinga
 - Utarbeida etterforskningsplan der dette er pålagt eller formålsteneleg
 - Utøvd legalitetskontroll, under dette sikre rettstryggleik og objektivitet på alle ledd av saksbehandlinga
 - Orientera og varsla høgare påtalemakt i samsvar med gitte direktiv
 - Sikre bistand frå og utarbeida mandat for sakskunnige
 - Leia tilrettelagde avhøyr
 - Gjennomføra kvalitetssikring eller bidra til avaluering dersom saka er gjenstand for dette
 - Følgja saka til ho er endeleg avgjord og eventuell straffegjennomføring er sett i verk
 - Jourteneste kan bli pålagt
 
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert for stilling som politiadvokat 2:
- Juridisk embetseksamen / Master i rettsvitenskap
 - Minst 6 års relevant arbeidserfaring, hvorav minst 3 års påtaleerfaring
 - Beherske nynorsk og bokmål
 
Dette må du ha for å vere kvalifisert for stilling som politiadvokat:
- Juridisk embetseksamen / Master i rettsvitenskap
 - Minst 1 års erfaring innan påtalearbeid, eller minst 2 års relevant arbeidserfaring som advokat eller dommarfullmektig, eller tilsvarande erfaring
 - Beherske nynorsk og bokmål
 
I begge stillingane må du ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er også ønskjeleg med:
- Kompetanse og erfaring fra arbeid med straffesaker innen vold og seksuelle overgrep, herunder erfaring med tilrettelagte avhør eller håndtering av straffesaker med digitale spor og bevis.
 - Kompetanse og erfaring fra øvrige straffesaker som gjelder alvorlige integritetskrenkelser eller som er komplekse og omfattende.
 - Vidareutdanning for politiets påtalejurister, videreutdanning som avhørsleiar for tilrettelagte avhør eller annen relevant videreutdanning
 - God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon
 
Personlege eigenskapar
- Vere sjølvstendig i det daglege arbeidet med evne til å treffa avgjerder i hektiske og pressa situasjoner
 - Evne til å planlegge og arbeida strukturert, effektivt og vere mål- og resultatorientert
 - Vere trygg på eigne evner og stole på eigen kunnskap og vurderingar, samstudes som vedkommande må kjenna eigne avgrensingar og eventuelle behov for fagleg påfyll ol.
 - Vere lojal til overordna avgjerder, prioriteringar og føringar, og sjølv gjere eigne prioriteringar i samsvar med dette.
 - Evne å jobba effektivt med fleire oppgåver som må løysast parallelt.
 - Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, profesjonell og respektfull åtferd, samt kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø både i og utanfor eigen profesjon
 
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga vert lønna som Politiadvokat 2 (SKO 1543), med årslønn frå kr. 930.000,- eller Politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn frå: kr. 720.000,- (avhengig av erfaring). Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
 - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
 - Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, o.l)
 
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 3fe0f82f-f945-4d62-a57d-c7b60a8319cc
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 jobbnorge
- Referanse
 10268980
Lignende annonser
Politiførstebetjent med funksjon som UEH teamleiar (vikariat)
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Politibetjent 3/2/1 operatør FOT operasjonssentralen
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Operativ Instruktør SEKOS
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Godvik