Politibetjent 3/2/1 operatør - Felles enhet for operativ tjeneste operasjonssentralen
Vest politidistrikt
Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Politibetjent 3/2/1 operatør FOT operasjonssentralen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester er det ledig eit antall faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 SKO 1461/1459/1457 med funksjon som operatør. Stillingane inneber turnusteneste.
Felles eining for operativ teneste er ein funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for operative spesialfunksjonar, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerheit og beredskapskoordinering og Seksjon for felles tenestekontor.
Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet. Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar.
Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Svara på alle førespurnader til operasjonssentralen samt koordinere og gjennomføre oppdrag under leiing av oppdragsleiar og operasjonsleiar
- Delta aktivt i operasjonssentralen sine arbeidsoppgåver
- Arbeid i samsvar med styrande dokument, planverk og bruksplan for PO. Motta, formidle og føre operative meldingar
- Døgnbasert naudmeldeteneste (112) og handsame alarm- og overvakingsanlegg
- Bidra til å setje i verk naudsynt straksetterforsking
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål fra Politiskulen/Politihøgskulen
- Minimum 2 års erfaring som tilsett i politiet og/eller erfaring som operatør ved operasjonssentral med godkjent operatørkurs frå politiet
- Gode IT- og systemkunnskapar, herunder politidistriktet sitt plan- og instruksverk
- God munnleg og skriftleg framføring
- Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømande og utvida) må innhentast ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
- Må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast for HEMMELEG
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring frå politiarbeid, herunder ordensteneste og etterforsking blir vektlagt
- Erfaring frå operasjonssentralen er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
- Gode kommunikasjonsevner og god på å byggje relasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, samt å arbeide godt i team, og vere løysingsorientert
- Gode sosiale evner som fremjar trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- Personleg egnethet, potensiale og motivasjon for stillinga vil bli tungt vektlagt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
- Politibetjent 3 - brutto årslønn på frå kr. 640 000,-
- Politibetjent 2 - brutto årslønn på frå kr. 530 000,-
- Politibetjent 1 - brutto årslønn på frå kr. 510 000,-Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Grunnopplæring som operatør i operasjonssentralen og innføringsperiode
- Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og Pb3
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
- Bedriftshelseteneste
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker
Avsnittsleiar
+4793 49 65 79
Terje Magnussen
Avsnittsleiar
+4741 66 02 20
Tatjana Knappen
Avsnittsleiar
+47 93 66 63 32
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2b1cbd18-aae7-43a6-8dee-26b5e88d1571
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267824
Lignende annonser
Operativ Instruktør SEKOS
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Godvik
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Politiførstebetjent med funksjon som UEH teamleiar (vikariat)
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen