Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinske fakultet
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Rådgjevar
Er du vår nye rådgjevar for HR-seksjonen?
Ved Det medisinske fakultet, er det ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar i 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver:
HR-seksjonen er ein del av fakultetsadministrasjonen og leverer HR-tenester for heile Det medisinske fakultet. HR-rådgjevar yter rådgjeving, rettleiing, leiarstøtte og sakshandsaming innan store deler av HR-feltet, frå eit behov om tilsetting oppstår, rekruttering, arbeidsavtaler, personaladministrasjon til avslutting av arbeidsforholdet.
HR-seksjonen bidreg også i omstillings- og utviklingsprosjekt, strategi- og planarbeid og førebur saker for fakultetsstyret innanfor det HR-faglege området. Dette krev tett samarbeid og god dialog med instituttleiinga, vitskaplege og administrative tilsette. Som HR-rådgjevar vil du vere ein viktig samtalepartnar og premissleverandør i alle delar av HR-faget. Du vil som HR-rådgjevar få tildelt sjølvstendig ansvar for arbeidsutføring og resultat.
Andre oppgåver kan også verte lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha minimum bachelorgrad innan relevant fagkrins, slik som HR, juss, administrasjon og leiing. Lang relevant røynsle kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Minimum to års røynsle innan relevant HR-arbeid er eit krav.
- God kompetanse og brukarrøynsle innan Microsoft 365 og sak/arkivsystem er eit krav.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er eit krav.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.
- Kjennskap til relevant lov- og regelverk er ein føremon.
- Kjennskap til UH-sektoren er ein føremon.
Stillinga som HR-rådgjevar ved Det medisinske fakultet krev høg grad av sjølvstendigheit og evne til å treffe gode avgjerd under tidspress. Ein må kunne navigere i eit kompleks lov- og regelverk for å finne rette og føremålstenlege løysingar innanfor desse rammene. Dette krev
høg grad av nærvær, evne behalde ro i eit høgt arbeidstempo og at ein motiverast av ein slik måte å arbeide på.
Vi søkjer ein person som:
- har evne til raskt å sette seg inn i nye arbeidsoppgåver, arbeidsprosessar og digitale system.
- er strukturert, effektiv og i stand til å handtere fleire parallelle prosessar.
- er serviceinnstilt, forstår våre tenestemottakarar sine behov og tek initiativ.
- sjølvstendig, men som også samarbeider godt med andre.
- er analytisk og løysningsorientert.
- vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 625 000 – 665 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Generell informasjon:
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar for HR-seksjonen Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth, Jan.Dammen-Hjelmeseth@uib.no eller nestleiar Therese Myhre Odfjell, Therese.Odfjell@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
692cbdf0-b3d6-4777-85ea-5c8aa0b944bc
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268336
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
EVU-koordinator (seniorkonsulent) 100% ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen