Vil du bidra til at internasjonale forskarar får ein god kvardag ved UiB?
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du bidra til at internasjonale forskarar får ein god kvardag ved UiB?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
 
Er du klar for å bidra til UiB sitt internasjonale arbeid som HR-rådgjevar
Universitetet i Bergen styrkjer si rolle som eit internasjonalt forskingsuniversitet, og vi søkjer ein engasjert rådgjevar til HR-avdelinga. Stillinga inngår i vårt EURAXESS-kontaktpunkt og har fokus på rådgjeving og støtte til internasjonal mobilitet.
Arbeidsstaden er ved HR avdelinga i fellesadministrasjonen og Internasjonalt senter. Du vil vere ein viktig ressurs for HR ved fakulteta og bidra til at internasjonale forskarar og tilsette får ein god start ved UiB. Arbeidet inneber fagleg rettleiing, utvikling av møteplassar og kontakt med offentlege aktørar – alt med mål om å gjere UiB til ein attraktiv arbeidsplass for internasjonale talent.
Arbeidsoppgåver:
- Gje råd og støtte til internasjonale forskarar og tilsette om praktiske spørsmål knytt til oppstart og etablering i Noreg
- Vere fagleg sparringspart for HR og administrasjonen ved fakultet og einingar i spørsmål om internasjonal rekruttering og mobilitet
- Utvikle og arrangere mottaksaktivitetar – som kurs, seminar og møteplassar – for å sikre ein god start for nye internasjonale kollegaer
- Bidra til gode rutinar og retningslinjer for internasjonal mobilitet, og halde dialogen med relevante offentlege aktørar
- Vedlikehalde og vidareutvikle informasjonsressursar – særleg nettsider og digitale verktøy – for tilsette, leiarar og HR
- Andre oppgåver knytt mot HR og internasjonal mobilitet
Kvalifikasjonar:
- Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
- Relevant erfaring
- God digital kompetanse
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg – på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Du er initiativrik og tek ansvar – du ser kva som trengst og får ting til å skje
- Du trivast både med å jobbe sjølvstendig og som ein del av eit team – og bidreg positivt til samarbeidet
- Du er omgjengeleg, lett å samarbeide med og trygg i møte med nye menneske
- Du har interesse for mangfald og ulike kulturar, og likar å skape gode møteplassar for internasjonale kollegaer
- Du har stor arbeidskapasitet, og handterer hektiske periodar og innslag av uvisse med ro og løysingsorientering
Vi kan tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver ved eit internasjonalt forskingsuniversitet, med gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
- Eit inkluderande og fagleg stimulerande arbeidsmiljø, der samarbeid og engasjement står sentralt
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) kr. 614.900 - 680.00,- brutto i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fagleg leiar for internasjonal HR, Jill Anette Opsahl – tlf. 55 58 33 19, eller seksjonsleiar, Janne Marie Solheimslid – tlf. 918 19 544
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 3d128bc8-13cc-469b-83bc-775e28c22bb0 
- Sist endret
- 30. oktober 2025 
- Hentet fra
- jobbnorge 
- Referanse
- 10268377 
Lignende annonser
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
EVU-koordinator (seniorkonsulent) 100% ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen