EVU-koordinator (seniorkonsulent) 100 % ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- EVU-koordinator (seniorkonsulent) 100% ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som etter- og vidareutdanningskoordinator (seniorkonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt. Den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med dei andre studiekonsulentane i fellesadministrasjonen.
Oppgåvene vil i første omgang vere knytt til fire ulike EVU-program (inkludert tre erfaringsbaserte mastergrader) ved Institutt for politikk og forvaltning og Institutt for samanliknande politikk, men dette kan bli justert dersom det vert gjort endringar i institutta sine porteføljar av etter- og vidareutdanningskurs.
Dette er ein spennande stilling som vil gi høve til å jobbe tett med oppdragsgivarar frå ulike delar av offentleg sektor og med ei variert studentgruppe med erfaring frå arbeidslivet. Den som vert tilsett vil få ei sentral rolle i utvikling av EVU-tilbodet ved institutta og stillinga krev difor ei forståing for behova til ei særeigen gruppe studentar og ein motivasjon og kompetanse for å utvikle kvalitet innan vidareutdanning.
Den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med dei faglege leiarane for EVU-programma, eksterne samarbeidspartnarar, samt ei særeigen gruppe høgkompetente studentar.
For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/
Arbeidsoppgåver:
- Administrativ støtte til faglege leiarar for programma og instituttleiingane i spørsmål knytt til etter- og vidareutdanningsprogramma.
- Kontakt med oppdragsgivarar og studentar.
- Koordinering mellom dei ulike einingane og institusjonane som deltek i programma.
- Sekretær for programstyret for den erfaringsbaserte masteren i offentleg forvaltning
- Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
- Studierettleiing, informasjonsarbeid og generell studieadministrativ sakshandsaming
- Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
- Koordinering av samlingsbasert undervisning
- Andre studieadministrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på mastergradsnivå. Det er og ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Tidlegare erfaring med praktisk tilrettelegging og administrativ støtte til vidareutdanningar og fleksible utdanningstilbod er ikkje eit krav, men ein føremon
- God administrativ IT-kompetanse.
- Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
- God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
- Evne til å arbeide proaktivt, systematisk og sjølvstendig
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Stillinga vil innebere noko reiseverksemd, til dømes knytt til studieturar, samlingar og møte med oppdragsgivarar.
Vi kan tilby:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Eit spennande arbeid med utvikling av vidareutdanning i samarbeid mellom UIB og eksterne aktørar.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
- Løn som seniorkonsulent, kode 1363, utgjer for tida mellom kr 586 100 og 616 100 For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidsstid
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved studieleiar Cathrine Bustad Jensen; cathrine.bustad@uib.no eller administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs: charlotte.lillefjaere@uib.no.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 25/13283
Søknadsfrist: 19. november 2025
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1ec0361a-567e-4485-8ba4-8c6b49860f1a
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268404
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen