To fastlegeheimlar knytt til Sæthre legekontor er ledig frå snarast.
Voss legekontor
Gurid Almenningens Plass 1, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlegar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. mars
To fastlegeheimlar knytt til Sæthre legekontor er ledig frå snarast.
Listetak: 1000 pasientar.
Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste. Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nye lokaler. Lokala ligg sentralt plassert i Voss sentrum. Etter planen skal lokala være ferdig til opning ila hausten -26.
Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp. Legekontoret nyttar infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt.
Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering.
Me har styrka basistilskot for næringsdrivande fastlegar
Ein har i tillegg fri etter nattevakt med allmennlegeforeininga sine kompensasjonssatsar
Voss søkjer å unngå å til plikte fastlegane til kommunalt arbeid, dette har ikkje vore gjort dei siste åra.
Heimel vil kunne overtakast uten vederlag. Ein er sjølv ansvarleg for møblering / utstyr til eige kontor. Felles utgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale.
Fram til opning av nytt legekontor vil stillinga være knytt til Voss herad med vilkår som skissert under.
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS1 tjeneste i Norge
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon
- Du må gjerne vera spesialist i allmennmedisin, men det er ikkje eit krav.
Me ynskjer deg som:
- Likar ein hektisk arbeidskvardag
- Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling
- Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
- Har gode evner til samhandling og kommunikasjon
- Er ansvarleg og løysingsorientert
- Er fleksibel og utviklingsorientert
Arbeidsoppgåver:
- Kurativ legeteneste
- Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
- Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
- Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Anna informasjon:
Til nytt legekontor er på plass, vil legeane arbeide ved Voss legekontor som er det kommunale legekontoret i Voss Herad.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f28f1dbc-b1c7-4228-9ce1-4963caa97d57
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3593531_213047_nn