Hopp til innhold

Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, oppstart sommaren 2026,  og etter avtale.  

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, Oppstart sommaren 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?

Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.

No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar til:

Medisinsk sengepost
Kirurgisk/ortopedisk sengepost


👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.

Kvifor velje Voss sjukehus?
Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi
Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag
Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus
Kort veg frå idè til handling
Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra


Arbeidsoppgåver

Medisinsk sengepost
Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi.
Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar

Du:
  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg

Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!

Personlege eigenskapar

Du:
  • er fagleg nysgjerrig og tek ansvar
  • trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig
  • møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati

Me tilbyr

  • Fast heiltidsstilling
  • Sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk

⏱️ Du må kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.


Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, 97711192
Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493

Arbeidsstad

Sjukehusvegen
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5074003961
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Linn Christine Zwartjes De Wolfe

Seksjonsleiar

95890493

Ranveig Herheim Knapstad

Seksjonsleiar

97711192

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

826c70f0-bb4a-4c81-ad17-79c81cc3ad62

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

70541a1ab96240159f0a28361629ffba

Lignende annonser

Fast stilling som sjukepleiar og/eller vernepleiar

Arbeidsgiver

Voss herad Område nord

Sted

Vossestrand

Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, oppstart sommaren 2026,  og etter avtale.   - arbeidsplassen.no