Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar med overvakingskompetanse. 

Arbeidsgiver

Voss sjukehus, Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Oppstart
24. august 2026
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar med overvakingskompetanse
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 4. juni

STILLINGA:
Intensivavdelinga ved Voss Sjukehus søker deg som er Intensivsjukepleiar eller er sjukepleiar med erfaring frå overvakingspasientar. Vi kan tilby allsidige og faglege utfordrande arbeidsoppgåver saman med gode arbeidskollegaer. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat, med gode moglegheiter for forlengelse eller fast tilsetjing.

AVDELINGA:
Intensivavdelinga er ein tverrfagleg spennande arbeidsplass som kombinerer ØH og elektiv drift, og består av 14 intensiv- og overvakingssenger. Vi behandlar pasientar med organsvikt innan indremedisin, kirurgi og traume, og gir både invasiv og noninvasiv respirasjonstøtte. Dei mest kompliserte intensivpasientane blir stabilisert før transport til Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga fungerer som pre - og postoperativ oppvakingspost for elektive og ØH pasientar, og har ansvar for drift av dagkirurgiske forløp. 

Avdelinga bidrar inn i traumemottak samt med kollegastøtte på sengepostane. Vi har og telemetriovervaking for sengepostane. Personalgruppa har ein fin aldersmessig variasjon, og består av både kvinner og menn med hovudvekt av intensivsjukepleiarar. Vi har fokus på godt miljø både på jobb og utanfor arbeidstid.

VOSS SJUKEHUS:
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Vi er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!

Sjukehuset har mellom anna eigen sjukehusrevy, deltek i idrettsarrangement for bedrifter samt skipar til årlege samankomster på tvers av heile sjukehuset. 

VOSS - bygd for sterke opplevingar:
Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • God omsorg for pasient og pårørande
  • Ansvar for pre- og postoperativ sjukepleie
  • Samarbeid på tvers

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning som intensivsjukepleiar eller sjukepleiar med overvakingskompetanse     
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker deg som søker faglege utfordringar, med god evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Du tek ansvar og jobbar strukturert og nøyaktig
  • Du har evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og er løysingsorientert
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel og med gode kommunikasjonsevner
  • Du bidreg aktivt for eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø som medverkar til fagleg og personleg utvikling
  • Ein sosial og aktiv arbeidsplass, med varierte arbeidsoppgåver og god breiddekunnskap
  • Fokus på fag og simulering
  • Kompetanseutvikling med kompetanseplan/mål
  • 3-delt turnus med 16 arbeidshelger
  • Nytilsett program
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Sandstå Brattebø, Seksjonsleiar, 41701400, kristin.sandsta.brattebo@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5131530877
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 24.08.2026
Sluttdato: 10.01.2027
Søknadsfrist: 04.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristin Sandstå Brattebø

Seksjonsleiar

41701400

kristin.sandsta.brattebo@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9bf8fda1-8f32-4c9f-bdb4-10588261ed6a

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3793c5e90a89440ea91aebdad6113a66

Lignende annonser

Laster lignende annonser