To fastlegeheimlar knytt til Sæthre legekontor er ledig.
Voss herad Voss legekontor
Gurid Almenningens Plass 1, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlegar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
To fastlegeheimlar knytt til Sæthre legekontor er ledig frå hausten 2026.
Listetak: 1000 pasientar.
Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste. Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nybygde lokaler. Lokala ligg sentralt plassert i Voss sentrum. Etter planen skal lokala være ferdig til opning ila hausten -26.
Me gler oss stort til å kunne utvide legepraksis med nye kollegaer.
Hjå oss får du høve til å være med frå start i oppbygging av ny praksis. Du vil ha innverknad på drift, rutiner og faglig profil. Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp.
Legekontoret nyttar infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt.
Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering.
Heradet har ordning med styrka basistilskot for næringsdrivande fastlegar, det er og tilrettelagt for fri etter nattevakt med kompensasjon etter legeforeninga sine satser.
Voss herad har dei siste åra fritatt næringsdrivande fastleger for tilplikting kommunal bistilling.
Heimel vil kunne overtakast uten vederlag. Ein er sjølv ansvarlig for møblering/utstyr til eige kontor. Felles utgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale.
Ønsker du informasjon om økonomiske vilkår kan du gjerne ta kontakt med Jacob Ortega Sæthre.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS1 tjeneste i Norge
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon
- Du må gjerne vera spesialist i allmennmedisin, men det er ikkje eit krav.
Me ynskjer deg som:
- Likar ein hektisk arbeidskvardag
- Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling
- Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
- Har gode evner til samhandling og kommunikasjon
- Er ansvarleg og løysingsorientert
- Er fleksibel og utviklingsorientert
Arbeidsoppgåver:
- Kurativ legeteneste
- Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
- Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
- Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5124b765-a56a-4b18-8c42-01b738b3d1a9
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3606643_213047_nn