Hopp til innhold

Avdelingsdirektør - institusjonstilbud for ungdom

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Om stillinga og arbeidsstaden

Bufetat region, vest,  har no ledig fast stilling som avdelingsdirektør i 100 % stilling. Vi søkjer deg som ønskjer å vidareutvikle tenestetilbodet vårt for barn og ungdom og bidra til strategisk leiing av regionen. 

Avdelingsdirektør har regiondirektør som næraste overordna og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består for tida av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef.

Regionskontoret ligg i Bergen. Arbeidstad for stillinga er Bergen, med ansvar og samarbeid på tvers av heile regionen.  Det må reknast noko reiseverksemd, samtidig som vi har gode, moderne videokonferanseløysingar i alle tenesteområda.

I Bufetat er vi opptatt av kunnskapsgrunnlaget. Vi står støtt i faget vårt - men aldri stille. Vi har eit tydleg og unikt samfunnsoppdrag. Kvar dag går vi på jobb for dei mest sårbare i samfunnet, og ser at arbeidet vårt gjer ein reell forskjell i folk sitt liv. 

Vi er ikkje kven som helst.


Arbeidsoppgåver

Stillinga har i dag ansvar for leiing av dei fleste statlege barneverninstitusjonane i regionen og tilbodet om hjelpetiltak for ungdom, som samla omfattar om lag åtte einingar. 

  • Leie einingsleiarane for dei eniningane du har ansvaret for.
  • Sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådde i einingar du har ansvaret for.
  • Omsetje nasjonale føringar og handlingsplanar til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak.
  • Bidra til å utvikle samarbeid med relevante private, statlege og fylkeskommunale aktørar,  samt med utdannings- og forskningsinstitusjonar.
  • Delta i leiargruppa kvar veke og i regelmessige strategisamlingar, og bidra til den strategiske utviklinga av regionen.

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande mastergrad 
  • relevant utdanning kan vere innan barnevern, sosialt arbeid, psykologi, sjukepleie eller liknande
  • minimum tre år leiarerfaring 
  • samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvaltning 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • kunne nytta relevante fag- og administrative IKT-system på ein effektiv måte.

Bør-krav:

  • erfaring frå leiing av andre leiarar 
  • leiing av døgninstitusjon innan relevante område
  • formell leiarutdanning.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har høg arbeidskapasitet og handterer mange og komplekse oppgåver 
  • er strukturert og analytisk, og har evne til å tenkje heilskapleg og tverrfagleg 
  • skapar framdrift, har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosessar
  • har evne til strategisk planlegging, er dyktig på å motivere og utvikle gode strukturar for samarbeid

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.


Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, med løn fra p.t. kr 1 100 000 pr. år til kr 1 300 000 pr. år.
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • For særskilt kvalifiserte søkarar, kan høgare løn avtalast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
  • Vi tilbyr og deltaking i Bufetat si eiga leiarskule og leiarsamlingar både for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til regionskontoret.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd,  og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

    Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.


Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Kontaktpersoner for stillingen

Sigrid E. L. Helleland

Stabsdirektør

+47 466 18 947

sigrid.helleland@bufetat.no

Marianne Kildedal

Regiondirektør

+47 450 65 450

marianne.kildedal@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine barneverninstitusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f156921b-b64d-4a1b-a7f7-82b2229c406a

Sist endret

11. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10299470

Lignende annonser

Laster lignende annonser