Rådgivar/Seniorrådgivar
Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar/Seniorrådgivar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. juni
Om stillinga og arbeidsstaden
Vi har vi ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i 100 % stilling. Stillinga er ledig frå 01.08.2026 og er lokalisert i Bergen ved avdeling Vestland.
Eining for inntak skal formidla ulike barneverntiltak til kommunane i regionen til barn og unge i ein sårbar livssituasjon. Arbeidsoppgåver famnar om råd og rettleiing, kartlegging, tiltaksval, oppfølging av barn og unge i tiltak og bemanna heildøgns telefonvaktordning for akuttarbeid. Eininga har to avdelingar, Vestland og Stavanger. Avdelinga Vestland har pr. i dag 21 tilsette.
Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonalt inntak for rus og åtferdsplasseringar (NABE).
Stillingane inneheld noko reiseverksemnd innan både eigen region og andre regionar.
Det kan i tillegg bli ledig vikariat i avdelinga. Opplys i søknadsbrevet om vikariat kan vere aktuelt for deg.
Arbeidsoppgåver
- Ved førespurnad frå kommunen skal du gi råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, både i akutte saker og i saker med behov for meir langvarege plasseringsløysingar.
- Du skal ta i mot og sakshandsame ulike tilvisingar frå kommunen.
- Du skal gjere faglege og forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen si tilvising.
- Du skal dokumentera alle delar av arbeidet.
- Du skal sikra oppfølging av plasseringar i barneverntiltak.
- Du skal delta i samarbeidsmøter med andre einingar, kommunar og instansar.
- Du kan bli ein del av det statlege barnevernet si bakvaktsordning for akutt-tenester.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:- Relevant utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå fortrinnsvis innan barnevernsfag/sosialfag.
- Minimum to-års arbeidserfaring frå barnevernsarbeid.
- Kompetanse om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
- Førarkort kl. B.
- Særs god skriftleg framstilligsevne på norsk.
- Ønskjeleg med vidareutdanning eller master innan barnevern/psykisk helse/leiing.
- Gode IKT-kunnskapar.
- Ønskje om barnevernfagleg forvaltningspraksis.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig og trygg i arbeidsutføringa di.
- Du har evne til å leie arbeidsprosessar og arbeidar med høg grad av sjølvstende.
- Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne.
- Du er initiativrik og løysingsorientert.
- Du er ein lagspelar med gode samarbeidsevner.
- Du bidreg aktivt i kontinuerlege endrings- og forbetringsprosessar.
- Du har godt humør og skapar eit positivt arbeidsmiljø.
For oss er det særs viktig korleis du som person eignar deg til stillinga. Dette vil bli vektlagt i den samla vurderinga.
Kva får du hos oss?
- Hjå oss vil du vere ein del av eit spanande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.
- Stillinga er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1434 som rådgivar, p.t. kr 620 000 - 710 000 pr. år eller seniorrådgivar p.t kr 650 000 - 760 000 pr. år.
- Løn- og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Eining for inntak RV avdeling Vestland.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi treng dokumnetasjon på førarkort. Vi ber difor om at du legg ved kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
86bd7004-1c6c-4b70-a0d8-bd7edd6d9e46
- Sist endret
27. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297695