Miljøterapeut fast 100 %
Bufetat
Nybøvegen 24, 5221 Nesttun, 5221 Nesttun
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. juni
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Fana og Ytrebygda Ungdomssenter har vi ledig fast stilling som miljøterapeut i 100 % stilling.
Avdeling Hop er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli.
Bufetat gjennomførar no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i éi felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper.
Avdeling Hop er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år.
Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1
Avdeling Hop har ei ledig fast 100 % miljøterapeut. Arbeidstidsordninga ved avdelinga er for tida statleg langturnus, som inneber at du er to døgn på jobb, syv døgn fri, to døgn på jobb, syv døgn fri, tre døgn på jobb, syv døgn fri med arbeid hver 4 helg. Endringar i arbeidstidsordninga må påreknas.
Det kan også være moglegheitar for fleire vikariat av ulik storleik og lengdar ved eininga, samt moglegheit for tilkallingsvikarar. Søkjarar som òg er interesserte i tilkallingsvikariat, blir oppmoda til å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Avdeling Hop tek imot barn og ungdom som treng styrkt omsorg og tett oppfølging. Ungdommane kan ha samansette utfordringar knytt til psykisk helse, rus, ustabile relasjonar, traume, valdserfaringar og hyppige flyttingar. Vi arbeider etter Målstyrt Miljøterapi med vekt på traumebevisst omsorg og kognitiv miljøterapi.
Arbeidsoppgåver- Miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg og faglege retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid med barnevernsteneste, føresette, skule og helse
- Dokumentasjon, rapportskriving og ansvar for overlapping
- Krise- og stresshandtering og stabilisering av ungdom i krevjande situasjonar
- Førebygging og handtering av åtferd som kan innebere risiko for skade
- Kartlegging og planarbeid basert på ungdommens styrkar og behov
- Praktiske oppgåver i og rundt avdelinga
- Vaktansvar ved 100 % stilling
- Deltaking i fagmøte, rettleiing og obligatorisk opplæring (t.d. Tryggleik og sikkerheit)
- Arbeider sjølvstendig og målretta
- Brukar kunnskapsbaserte metodar i endringsarbeid
- Bidreg til tryggleik, struktur og gode relasjonar
- Sikrar ungdommens rettstryggleik gjennom presis dokumentasjon
Målet vårt er å støtte ungdommane i å ta gode val som gir varig positiv endring i livet deira.
Hvilken bakgrunn har du?
Må-krav:- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Det kan vurderas anna treårig relevant høyskole-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor relevante fagområde.
- Kommunisere godt på norsk (tilsvarende nivå B2).
- Ha førarkort (minimum) klasse B.
- Det er ønskeleg med master eller vidareutdanning i rus og psykiatri, kognitiv miljøterapi, eller anna relevant utdanning.
- Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse ungdommane sine tiltak og dokumenterafa desse skriftleg.
- Evne til å forstå og fasilitera endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:- Hardfør/emosjonelt robust - Du har evnen til å mestre stress gjennom å se utfordringar som handterbare, meiningsfulle og kontrollerbare.
- Selvrefleksiv - Du har evnen til å betrakte, sortere og skille mellom eigne og andre sine opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov.
- Verdibasert - Du identifiserar deg med, oppførar deg og arbeidar i tråd med vårt samfunnsoppdrag og våre kjerneverdiar «Respekt, åpenhet, deltakelse».
- Motivert for å jobbe for barnets beste.Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du er punktleg og påliteleg.
Hva får du hos oss?
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ og vert vurdert etter utdanning og erfaring:
- Bachelor i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, pt kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 540 000 – 690 000 pr. år.
- Ved master og klinisk spesialist: kr 548 600 – 690 000 pr. år.
- Turnustillegg kjem i tillegg til grunnløn.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod – noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
- Gratis parkering og kun få minutter gange fra bybanen.
Opplysningar til deg som søker
- Vi søker etter dei beste hodene uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.
- Stillingen er for tida lagt til Fana og Ytrebygda ungdomssenter.
- Politiattest må framleggas ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
- Prøvetid i henhald til Statens personalhåndbok.
- Opplevar du tekniske utfordringer når du fyllar ut søknaden, anbefalar vi at du tar kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
Søknad med CV skal sendas elektronisk via lenkje på denne sida.
For å bli vurdert som søker må du fylle ut feltene for utdannelse og arbeidserfaring, samt legge ved relevante vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse. Vitnemål for utdanning tatt i Norge skal lastes opp fra Vitnemålsportalen.
Har du utdanning fra utlandet må du legge ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c6e164b6-d7de-4c45-a193-f7a3e7d4cdab
- Sist endret
4. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10298695