Miljøterapeut
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Om arbeidsstaden
Vil du vere med å utvikle ei ny, heilskapleg teneste for barn, unge og familiar?
Austevoll kommune etablerer no ei ny tverrfagleg eining for barn, unge og familie. Eininga samlar helsestasjon- og skulehelsetenesta, barnevern, PPT, jordmortenesta og kommunepsykolog og familieterapeut. Målet er å styrke tidleg innsats og samarbeid og sikre tidleg og meir koordinert oppfølging og hjelpetiltak.
Vi søker no ein engasjert og fagleg sterk miljøterapeut som vil ha ei viktig rolle i dette arbeidet.
Om stillinga
Ledig prosjektstilling som miljøterapeut i 50 % frå 1. august 2026 til 31.12.2027 med moglegheit for forlengingSom miljøterapeut vil du jobbe på tvers av fagområda i eininga og bidra inn i oppfølging av barn, unge og familiar med samansette behov. Stillinga er organisatorisk plassert i helsestasjon- og skulehelsetenesta, men oppgåvene er retta mot heile eininga.
Arbeidsoppgåver- Oppfølging av barn, unge og familiar i kvardagen
- Miljøterapeutisk arbeid i heim, barnehage, skule og fritid
- Delta i og bidra til tverrfagleg samarbeid
- Bidra til tidleg innsats og førebyggande arbeid
- Foreldrerettleiing - støtte føresette i foreldrerolla
- Delta i utvikling av nye arbeidsformar i eininga
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning (til dømes vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom og sjukepleiar)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- Rettleiingskompetanse er ønskeleg
- Førarkort for personbil
- Gyldig politiattest
- Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert
- Du trivst med samarbeid på tvers av fag og tenester
- Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du har eit sterkt engasjement for barn og unge
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ei ny og utviklingsretta eining
- Høve til å påverke og forme tenestetilbodet
- Sterkt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenester
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Hege Iren Austevoll
Leiar Helsestasjon og skulehelsetenesta
+4792201990
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75573a2b-1a82-4aee-9ee9-306187febc43
- Sist endret
23. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300826