Miljøterapeut
Tysnes kommune
Vågsmarka, 5680 Tysnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut 100 % fast - Vågsmarka bufellesskap
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Er du ein fagleg engasjert miljøterapeut?
Me søkerEr du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske? Ønsker du ein meiningsfull jobb med personar med utviklingshemming?
Vågsmarka er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med utviklingshemming. Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Dei tilsette hos oss har ulik fagkompetanse og alderssammensetning. Me er opptatt av å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Arbeidstrivsel er viktig og vår filosofi er at me yt dei beste tenestene når me trivst på jobb.
Stillinga 100 % fast, og inneber dag- og kveldsvakter i årsturnus, med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe bebuarar slik at dei opplever ein meiningsfull kvardag med meistring og utvikling.
- Forme ut handlingsplaner, mål og tiltak, og sikre lik praksis.
- Førebygge og handtere utfordrande åtferd hos bebuarane.
- Nytte relevante metodar i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak innan anvend åtferdsanalyse.
- Samarbeid med ulike eksterne samarbeidspartnarar, verjer og pårørande.
- Ansvar for dokumentasjon og oppfølging.
- Bidra til å sikre at brukarmedverknad og sjølvråderett blir ivareteken.
Kvalifikasjonar
- Bachelor innan helse- og sosialfag, eller anna relevant høgskuleutdanning.
- God kjennskap til og erfaring med brukargruppa er ønskeleg.
- Erfaring med legemiddelhandtering er ein fordel.
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.
- God IKT-kompetanse.
- Førarkort kl. B.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- har stort engasjement for brukargruppa og toler å stå i tøffe situasjoner.
- evnar å reflektere over etiske utfordringar i målretta tiltaksarbeid.
- er trygg på deg sjølv, initiativrik og inkluderande.
- er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endringsarbeid.
- evnar å samarbeide godt med bebuarar, kollegaer og andre.
- og evnar å handtere ein krevjande og variert arbeidskvardag.
- framsnakkar andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med stort engasjement, der me er oppteken av kunnskapsdeling og -heving. Du vil få høve til fagleg og personleg utvikling gjennom eksterne og interne kurs.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett som miljøterapeut med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Benedicte Lundevold
Avdelingsleiar Vågsmarka bufelleskap
+4797648965
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
47e71693-85b1-46cf-9d3c-8ef80d1100bb
- Sist endret
16. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10303614