Hopp til innhold

Har du lyst å gjera "heima best" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.

  • 100% fast stilling 
  • Arbeidsstad:
    Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Kuhnletunet bustader er eitt av våre ni bufellesskap.
    Kuhnletunet bustader
     er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med ulike behov, draumar og personlegheitar. 

    Arbeidsoppgåver
    Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.

    • Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar
    • Fagleg frontfigur : Du får ansvar for tiltaksplanar, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet
    • Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser
    • Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar

    Kvalifikasjonar
    Vi søker deg som har sosialfagleg-eller pedagogisk utdanning på bachelornivå med relevant erfaring fra målretta miljøarbeid og kompetanse knytt til atferdsutfordringer. Kompetanse og erfaring innen geriatri og arbeid med eldre er også relevant og vil bli vektlagt.

    Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

    Det vert lagt stor vekt på din erfaring, vidareutdanning og kjennsskap til brukargruppa.

    Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

    Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

    Vi tilbyr:
    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
    • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • Løn etter gjeldande avtalar. 
    • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

    Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

    Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

    Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Anne Turi Kvittingen

    Ass.einingsleiar

    +47 977 91 542

    atk@bjornafjorden.kommune.no

    Om bedriften

    Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    935d6cef-1dbe-4e7a-820f-b7252dad7843

    Sist endret

    14. august 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3653261_196017_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser