Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut/ spesialfysioterapeut
- Oppstart
- 2. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Arbeidsplass er primært ved Ortopedisk avdeling. Ortopedisk avdeling er del av Seksjon for ortopedi, plastikkirurgi og brannskader. I alt er det ca. 17 stillingar for fysioterapeutar og turnuskandidat ved seksjonen. Som tilsett inngår man i gjeldande vaktordning ved Fysioterapiavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Utføre kunnskapsbasert klinisk fysioterapi hjå Ortopedisk avdeling
- Undersøke og behandle inneliggande pasientar
- Ta del i tverrfagleg samarbeid rundt den einskilde pasient
- Utføre polikliniske kontrollar
- Utføre polikliniske vurderingar sjølvstendig og i samarbeid med lege
- Ta del i det faglege utviklingsarbeidet ved seksjonen og Fysioterapiavdelinga
- Rettleiing av anna helsepersonell, studentar mv.
- Inngå i gjeldande vaktordning
- Ta del i dei oppgåver som til ein kvar tid ligg til avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett, må ha brei fagleg kompetanse innan ortopedisk fysioterapi
- Vi ønsker ein medarbeidar med minimum to års erfaring innan ortopedi på sjukehus
- Erfaring frå oppgåvedeling og vurderingspoliklinikkar er ein fordel
- Etter- og/eller vidareutdanning innan fagfeltet blir vektlagd
- Brei erfaring med behandling av akutt sjuke pasientar er ein fordel
- Den vi tilset, må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er ansvarsbevisst og fleksibel
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du ønsker å bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit stort og utviklingsretta fagmiljø
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og stillingstittel i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5035935768
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 19.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Else Sterndorff
Avdelingssjef
55972863
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f0fbdb76-e574-4315-8696-c9f5cca0d342
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
62841b2b2fa64335b1cd5ef84772b7bd
Lignende annonser
Fast fysioterapeut på kveld kombinert med vikariat på dagtid
Arbeidsgiver
Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Barne- og familietjenesten i Bergenhus og Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Ergo- og fysioterapitjenesten for barn og unge i Fana og Ytrebygda, Bergen kommune
Sted
Rådal