Hopp til innhold

Ergoterapeut

Arbeidsgiver

Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut
Oppstart
15. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 10. april

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Vi har ledig 100% vikariat for ergoterapeut tilknytt Revmatologisk avdeling og Nevroklinikken. Vikariatet er ledig frå snarast til 15.08.2026.

Ved Revmatologisk avdeling får pasientane poliklinisk oppfølging av arm/handfunksjon, ortosebehandling, meistring av daglege aktivitetar og utfordringar knytta til utmatting. Ved Nevroklinikken vil ein jobbe med pasientar med nevrologiske sjukdommar/skadar både ved sengepost og i poliklinikk. Oppgåvene er knytt til kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og handfunksjon for å vurdere pasienten sitt behov for vidare rehabilitering. Ved begge einingane er det tett samarbeid med andre yrkesgrupper i tverrfaglege team. 


Arbeidsoppgåver

Revmatologisk avdeling
  • Kartlegging, behandling og rehabilitering av pasientar med handskade og revmatologisk sjukdom
  • Forming og tilpassing av ortoser
  • Vurdering, rettleiing og trening i daglege aktivitetar
  • Kartlegging og rettleiing ved utmattelse (fatigue)
  • Behandling i grupper
  • Tett samhandling med pasient, pårørande og tverrfagleg team
Nevrolinikken
  • Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
  • Vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon
  • Aktivitetsførebuande trening
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1.linjetenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • God kunnskap og interesse for nevrologi og revmatologi
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
  • Du er positiv og fleksibel
  • Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
  • Du er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr deg

  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jorunn Ellingsen, Seksjonsleiar, 55975009
Silje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279
Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5103994112
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.04.2026
Sluttdato: 15.08.2026
Søknadsfrist: 10.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Bodil Stokke

Avdelingssjef

55975008

Silje Nødtvedt

Seksjonsleiar

55976279

Jorunn Ellingsen

Seksjonsleiar

55975009

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4bcc426c-c0a2-42da-b945-fc2262f21bfd

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ecfc4b4d49d04c65a46e79dad47f272e

Lignende annonser

Laster lignende annonser