Fysioterapeut
Psykiatrisk klinikk/ Treningspoliklinikken, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut
- Oppstart
- 11. mai 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Arbeidsoppgåver
Fysioterapeuten har ansvar for heile drifta av Treningspoliklinikken. I dette inngår behandling av pasientar, vurdering av tilvisingar, tverrfagleg samarbeid, pasientdialog, treningsrettleiing og pre- og retester av pasientane. Behandlinga går føre seg individuelt eller i gruppe, då treninga er tilpassa kvar enkelt og kor de er i behandlings-forløpet. Det er fokus på at kvar enkelt skal kunne danne eigne, positive erfaringar med å bruke eigen kropp og lære seg korleis dei bør tilpasse treninga til mellom anna livssituasjon. Poliklinisk arbeid er ein del av kvardagen. Dette inneber mellom anna dagleg journalføring, organisere timeavtalar, behandle tilvisingar og foreta oppgjer etter konsultasjonar. I tillegg vil dagleg drift mellom anna innebere reinhald av utstyr og passe på at nødvendig utstyr er i orden og på plass. For tida pågår det eit forskingsprosjekt med utgangspunkt i behandlinga i Treningspoliklinikken. Innhenting av data og gjennomføring av nødvendige testar vil då også vere ein del av arbeidet i Treningspoliklinikken. Fysioterapeuten skal være en del av fysioterapigruppa tilknytta Avdeling spesialisert psykosebehandling som har arbeidsoppgåver i heile Psykiatrisk klinikk.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg at søkjar er autorisert fysioterapeut. Utover dette vil det bli lagt spesielt vekt på personleg egnethet, kvar mellom anna relevant erfaring frå og interesse for arbeid med pasientar med psykiske lidingar samt relevant erfaring frå og interesse for forsking og forbetringsarbeid med pasientar med psykiske lidingar blir vektlagt. Må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt.Personlege eigenskapar
Må kunne jobbe sjølvstendig. Må kunne jobbe strukturert og ryddig. Positiv og utadvendt. Fleksibel og serviceinnstilt. Gode samarbeidsevner. Trivast med å jobbe tverrfagleg. Engasjert i arbeidet. Gode kommunikasjonsferdigheiter. Lærevillig. Like varierte arbeidsoppgåver. Stor arbeidskapasitet. Det er ein fordel å ha relevant erfaring frå å jobbe med menneske med psykiske lidingar, gjerne med bruk av fysisk aktivitet i behandlinga. Ha ein eigen interesse og erfaring frå fysisk aktivitet og gjerne ha kjennskap til metoden 4x4 intervalltrening. Det er ein fordel med å ha erfaring frå poliklinisk arbeid og kva dette inneber. God evne til omstilling.Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, 55958580Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5099543178
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 11.05.2026
Sluttdato: 07.03.2027
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Igne Sinkeviciute
Avdelingssjef
55958580
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
baec1035-b628-424c-bd38-0363daa0b88e
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
645a1336b6c74ab2a793152b1f3e5b90