MST Rettleiar Bergen
Bufetat Region vest
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
MST Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Bufetat region vest har ledig fast 100% stilling som rettleiar for MST team i Bergen.
Barne-, ungdoms og familieetaten har eigne einingar som driv med Multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er eit frivillig hjelpetiltak i heimen for familiar med ungdom mellom 12 og 18 år der ungdomen har alvorlege utfordringar i relasjonar til familie, skule og nærmiljø i form av fysisk eller verbal aggresjon, hærverk, rusproblem, skulefråvær og venner som har uheldig innverknad på dei. For nokre av ungdomane kan MST være eit alternativ til flytting ut av heimen. MST jobbar for å auka skuledeltaking, gjenoppretta godt samspel heime, auka positive fritidsaktivitetar og medverka til prososiale venneforhold - ei meiningsfull oppgåve både for den enkelte ungdom og familien, men også som eit meiningsfullt samfunnsoppdrag. Det er ein jobb det er lett å verta engasjert av, og om du likar arbeidsforma, er det kanskje drøymejobben din også?
I region vest er det totalt 4 MST- team. Eit team består av fire terapeutar og ein rettleiar som er fagleg og administrativ leiar av teamet. Rettleiar er tilgjengeleg for terapeutane 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka. Tilgjengelegheit er regulert gjennom eigen avtale for MST-rettleiar, og er godt økonomisk kompensert. Stillinga inneber sjølvstendig arbeid, fleksibel arbeidstid og kontinuerleg fagleg utvikling gjennom vekentleg samarbeid med MST-konsulent og regelmessige fagseminar.
Som rettleiar for MST team vil du ha både ei rettleiar oppgåve og ein avdelingsleiar rolle. Du rettleiar teamet ditt kvar veke og har også individuell oppfølging av terapeutane. Samtidig er du leiar og skal tilrettelegge for god og stabil drift av teamet.I tillegg vil du samarbeide med Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) som er ansvarleg for opplæring av behandlere og kvalitetssikring av behandlingstilbodet.
Stillinga er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team og 2 RFT team i Bufetat region vest. Me arbeider med å utvikle leiarteamet i eininga. Du vil ha ansvar for å leie og utvikle 4 MST terapeutar. Arbeidsstaden er plassert sentralt i Bergen, for tiden i Bufetats lokaler i Solheimsviken.
Nubu vil delta aktivt i ansettelsesprosessen
Ei forutsetning for å bli tatt i betraktning er at du kan stille på ei opplæring hos NUBU i Oslo veke 4
Arbeidsoppgåver
Du vil få ansvar for;
- å styrke og rettleie teamet ditt i tråd med MST sine prinsipp og kvalitetssikring
- inntak til MST
- at MST kvalitetssikringsrutinar blir følgde, inkludert rapportering til NUBU og rapportering i Bufetat
- deltaking i MST programmets kontinuerlige opplæring og utvikling
- personal og budsjett for ditt team.
Det forventes høg grad av tilgjenge, noko som blir godt kompensert i eigen MST særavtale, pt 6511,-pr veke. Likevel vil det sjølvsagt vere mogeleg å avtale fri og ha ein aktiv kvardag.
Du vil ha støtte fra NUBU og einingsleiar i arbeidet ditt.
Du vil ha moglegheit til å påvirke arbeidskvardagen din i stor grad innan dei rammane som er gitt
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter deg med profesjonsutdanning i psykologi eller mastergrad i helse og sosialfag, samt klinisk vidareutdanning.
- Erfaring og bruk av kunnskap om det teoretiske grunnlaget metoden byggjer på, dvs systemteori, sosial læringsteori, kognitiv terapi.
- Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- Krav om å beherske engelsk godt, både skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg med minimum 15 studiepoeng innan leiing og administrasjon.
- Du må ha god kjennskap til MST og eit føremon vil vera å ha erfaring frå behandling etter MST- prinsipp.
- Relevant leiarerfaring er eit føremon.
- Det er eit krav om gyldig førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
- Du har ønskje om å arbeide systematisk og målretta.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du evner å prioritere og arbeide strukturert.
- Du har erfaring frå rettleiing.
- Du har god rolleforståing og gode samarbeidsevner, er beslutningsdyktig, og resultatorientert.
- Du er imøtekommande og hyggjeleg.
For oss er det også særs viktig korleis du som person passar til jobben.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 750 000 - 880 000 pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan løn vurderast. Eigen særavtale omhandlar kompensasjon for tilgjengelegheit.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Eining Åtferd høg.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Anne Cathrine Bartvik, Spesialrådgivar NUBU, 46615223, anne.bartvik@nubu.noFredrik Melander, Einingsleiar, 46618976, fredrik.melander@bufetat.no
Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5028816490
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f0c36e48-4619-48a4-8229-0768be7398cd
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf45f41ee90747288c8ab92a4a5b40d0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nav Arbeidslivssenter Vestland
Sted
Bergen
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Bjørgvin ungdomssenter, Bufetat
Sted
Bønes
Seksjonsleiar Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS)
Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Kompleks rehabilitering Sandviken -KRS, Helse Bergen HF
Sted
Bergen