Miljøterapeut, fast 2 x 100 % stilling
Bjørgvin ungdomssenter, Bufetat
Bønesstølen 13, 5154 Bønes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Vil du hjelpe ungdom til å få et rusfritt liv?
Det er en krevande jobb, den er ikkje for alle. Men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.
Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv atferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheitar som gjer dem i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk.
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 2 x 100 % fast stilling som miljøterapeut.
Det kan også bli ledig fleire faste stillingar eller vikariat ved senteret. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.Stillingane i 100 % vil p.t. gå i 2-delt turnus (dagvaktar/kveldsvaktar med innslag av langvaktar), og arbeid kvar 4. helg. Vi har 2 vakne nattevaktar på kvar avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Utøva målretta behandlingsarbeid etter metoden Læringsbasert rusbehandling.
- Delta i utforming og oppfølging av individuelle behandlingsplanar.
- Delta i behandlingsmøte/samtalar med ungdomen og eksterne samarbeidspartar.
- Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak.
- Ha kontakt med samarbeidspartar som barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi og helseinstansar
- Sikre ungdomane si rettstryggleik gjennom god og presis dokumentasjon.
- Vakt- og brannvernansvarleg, samt andre ansvarsområder som er tilknyttet avdelingen.
- Delta i regelmessig rettleiing og konsultasjon.
- Gi ungdomane tryggleik og omsorg gjennom å vere ein tydeleg og føreseieleg vaksenperson.
- Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttande måte.
- Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
- Delta i praktiske gjeremål i kvardagen.
- Samarbeide på tvers av avdelingane ved behov.
Kvalifikasjonar
Krav til stillingane:
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Ved eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
- Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
- Førarkort klasse B er naudsynt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- God fysisk og psykisk helse.
Ønskjeleg erfaring og kompetanse:
- Kjennskap til Barnevernslova.
- Kjennskap til traumebevisst omsorg.
- Rettleiingskompetanse.
- Institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
- Erfaring fra arbeid med ungdom med atferdsutfordringer og/eller rusproblematikk.
Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn - dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, og gitte føringar i Barnevernslova. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- Er engasjert og har et genuint ønske om å hjelpe ungdom i en krevande livssituasjon.
- Motiverast av ansvar, arbeidar sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
- Er fleksibel og samarbeidsvillig, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig.
- Er strukturert og løysningsorientert, med evne til å jobbe metodisk og målretta over tid.
- Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Framstår som trygg i møte med ungdomane.
- Evner å byggje tillit og skape gode relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
- Er løysingsfokusert og er metodelojal.
- Er punktleg.
- Tåler å stå i utfordrande situasjonar og håndtere konfliktar på ein rolig og profesjonell måte.
- Er reflektert og åpen for fagleg utvikling og veiledning.
Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Ved vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000 pr. år, stillingskode 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr. år eller stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr. år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Kontaktinformasjon
Anita Kristensen, Avdelingsleiar, 46619194, anita.kristensen@bufetat.noTorill Fjell, Avdelingsleiar, 46619176, torill.fjell@bufetat.no
Jeanette Grindeland, Einingsleiar, 46617627, jeanette.grindeland@bufetat.no
Arbeidssted
Bønesstølen 135154 Bønes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5023006710
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e11e7bed-32bb-46e0-a1c7-b1349b66d1f6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6f0b608cf404b2f8c8ea686e08d27c1