Tillkallingsvikarar - Miljøterapeut/Miljøarbeidar
Kasa ungdomssenter og Fana og Ytrebygda ungdomssenter
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tillkallingsvikar - Miljøterapeut/Miljøarbeider
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Kasa ungdomssenter, avdeling Flatøy, Morvik og Tertnes og Fana og Ytrebygda ungdomssenter, avdeling Hop og Sandsli rekrutterer no tilkallingsvikarar på rammeavtale.
Avdelingane Flatøy, Morvik, Tertnes og Hop har tilsette som arbeidar etter statens langturnusordning med turnus 2-7-2-7-3-7.
Avdeling Sandsli har todelt turnusordning.
Som tilkallingsvikar hos oss vil du inngå i eit fagleg sterkt og engasjert team som arbeider målretta med ungdom i krevjande livssituasjonar. Arbeidet er variert og krev både fagleg innsikt og personleg tryggleik. Du vil bidra til å skape ein stabil og omsorgsfull kvardag for ungdomane, med fokus på tryggleik, relasjonsbygging og utvikling.
Som tilkallingsvikar må du kunne stille på kort varsel, og vere komfortabel med å ta ansvar i uforutsette situasjonar. Du vil få opplæring og rettleiing, og bli ein viktig del av eit fagmiljø som arbeider for å gi ungdom trygge rammer og gode moglegheiter for utvikling.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- Miljøterapeutisk arbeid med traumesensitiv tilnærming
- Dagleg omsorg og tett oppfølging av ungdom
- Dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande rutinar
- Praktiske oppgåver i avdelinga og samarbeid med kollegaer
Kvalifikasjonar
Ønskelige kvalifikasjonar:
- Bachelorgrad innan Barnevern, Vernepleie eller Sosialt arbeid
- Andre relevante bachelorgrader vil også bli vurdert
- Kandidatar som har starta studiar innan sosialfagleg bachelor på deltid
- Kandidatar utan bachelor, men med relevant arbeidserfaring vil kunne bli vurdert
Det er eit forrtrinn dersom du kjenner til traumebevisst omsorg og Målstyrt miljøterapi
Kvalifikasjonar du må ha:
- Sertifikat klasse B
- Kjennskap til relevant lovverk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til sjølvstendig skriftleg arbeid
- God kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6
Personlege eigenskapar
Som tilkallingsvikar vil du møte ungdom som har opplevd krevjande livssituasjonar og som treng trygge, stabile og fagleg bevisste vaksne rundt seg. Difor ser vi etter deg som har følgjande eigenskapar:
- Fleksibel og tilgjengeleg – du kan stille på kort varsel og tilpassar deg ulike arbeidssituasjonar og turnusordningar
- Trygg og stabil – du er ein roleg og tydeleg vaksenperson som ungdom kan stole på, også i uforutsette situasjonar
- God relasjonskompetanse – du bygger tillit gjennom respektfull og varm kommunikasjon
- Fagleg bevisst og strukturert – du arbeider målretta og metodisk, og har forståing for traumebevisst omsorg og miljøterapeutisk arbeid
- Samarbeidsorientert – du bidreg positivt i team og er open for rettleiing og fagleg utvikling
- Initiativrik og ansvarsbevisst – du ser kva som trengst og tek ansvar for både praktiske og faglege oppgåver
- God fysisk og psykisk helse – du har kapasitet til å stå i krevjande situasjonar over tid
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Tillegg for ubekvem arbeidstid ifbm turnus.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
I tillegg kan vi tilby:
- Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV og stadfesta attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Ronny Habbestad, Avdelingsleder , ronny.habbestad@bufetat.noSandra Helen Østrem Bartz, Avdelingsleder, sandrahelenostrem.bartz@bufetat.no
Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5022804959
Stillingsprosent: 0%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b4fda68b-ac46-4b1b-9952-e6a3af5551ef
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2bf9c1b83d544b73bcef9b9bf261fa07