Seksjonsleiar
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Kompleks rehabilitering Sandviken -KRS, Helse Bergen HF
Hatleveien 7D, 5038 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern?
Helse Bergen HF søker ny seksjonsleiar til Seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) – ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.
Om seksjonenKRS har eit rehabiliteringstilbod med fokus på relasjonsbygging, meistring og overgang til bustad og daglegliv. Vi gir behandling til følgande pasientgrupper:
- Personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar som rus og personlegdomsforstyrringar (6 plassar)
- Personar med kombinasjon av alvorleg psykisk liding og psykisk utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrring (2 plassar)
Seksjonen arbeider tverrfagleg og har eit sterkt fokus på miljøterapi, ADL-trening, sansestimulering og musikkterapi som verktøy for kjensleregulering og meistring. Fysisk helse er ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar.
Om stillinga
Som seksjonsleiar får du ansvar for fagleg og personalmessig leiing av seksjonen, og for vidare utvikling av miljøterapien og samarbeidet med innsøkande instansar og kommunale tenester. Du vil inngå i eit leiarteam og bidra til utvikling av Nye Sandviken som fagområde.
Arbeidsoppgåver
Seksjonsleiar har saman med ass. seksjonsleiar:
- ansvar for forsvarleg drift av seksjonen
- ansvar for å utvikle det miljøterapeutiske arbeidet i seksjonen
- ansvar for ivaretaking av personalet
- ansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning
- ansvar for økonomisk drift
- ansvar for godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
- delta i leiarteamet knytt til eininga seksjonen høyrer til
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, samt relevant vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus
- Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- Leiarutdanning er ein fordel
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst/sjølvstendig
- Strukturert
- Pasientorientert
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, 55958580Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5021892733
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Igne Sinkeviciute
Avdelingssjef
55958580
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ee697ea6-07b2-4b97-b1cc-c27fa398b234
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a33ba0541c3243408a9a5d8cee1bbc47