Har du lyst til å leie og utvikle eit fagmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag?
Nav Arbeidslivssenter Vestland
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kontorleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. oktober
Nav arbeidslivssenter Vestland søker kontorleiar i ei nyoppretta stilling. Vi er ein del av Nav Vestland si satsing for å levere betre og meir heilskaplege tenester til arbeidslivet. Senteret ligg under Nav Vestland arbeid og helse, som har ansvar for tenester i heile Vestland. Senteret er for tida under omorganisering og stillinga som kontorleiar inngår i eit nytt organisasjonskart.
Vi jobbar for å oppnå måla i IA-avtalen, som inkluderer å forebygge sjukefråvær og hindre fråfall frå arbeidslivet. Arbeidslivssenteret skal hjelpe verksemder med å redusera sjukefråværet, styrke jobbnærværet, betre arbeidsmiljøet samt utvikle partssamarbeidet. Dette inneber å gi råd, rettleiing og støtte til verksemder i ulike prosessar. Vi legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten. Medarbeidarane har variert og høg kompetanse og jobbar både sjølvstendig og i team. Vi arbeider etter prinsippa for kontinuerleg forbetring (Lean).
Som kontorleiar vil du ha fag-, budsjett- og personalansvar for Nav Arbeidslivssenter Vestland, og rapporterer til Avdelingsdirektør for Arbeid og helse i Nav Vestland. Du vil leie di eiga leiargruppe beståande av 2 avdelingsleiarar og 2 fagkoordinatorar. Du vil og ha direkte personalansvar for desse. Rolla inngår i Avdelingsdirektør for Arbeid og helse sitt leiarteam og i Avdelingsdirektøren si arbeidsgruppe, som bidreg til utvikling og prioritering på tvers av verksemda.
Nav Vestland er organisert i ni regionar og Arbeidslivssenteret er geografisk fordelt til dei ulike regionane. Som kontorleiar vil du ha arbeidsstad ved eitt av regionskontora. Du må forventa arbeidsdagar på fleire av stadane, noko reiseverksemd må derfor påreknast. Avdelingsdirektør har arbeidsstad i Bergen, og regelmessig nærvær i Bergen vil vere nødvendig. Leiargruppa i eininga samarbeider tett. I kvar region samarbeider vi også med Nav si lokale leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, fag- og resultatansvar for senteret
- Vere ein pådrivar for kontinuerleg utvikling av kompetanse og tenester innafor dei ulike fagområda i senteret
- Jobbe aktivt mot arbeidsmarknadane og interesseorganisasjonar
- Delta aktivt i avdelingsdirektøren si leiargruppe og bidra til heilskaplege løysingar med regionkontora i bu- og arbeidsregionane, og samtidig leie og utvikle eiga leiargruppe
- Sikre eit godt og hensiktsmessig samarbeid med dei ulike regionane og lokale Nav-kontor
- Vidareutvikle tenester i eit tverrfagleg samarbeid med dei tilhøyrande regionkontora
- Støtte utviklingsarbeidet for den einskilde medarbeidar
- Sikre likeverdige tenester i heile fylket innan eige ansvarsområde
Nav er ein organisasjon i stadig endring og utvikling, du må derfor pårekne endringar i ansvar og arbeidsoppgåver. Administrasjonsspråket i Nav Vestland er nynorsk.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- leiarerfaring, fortrinnsvis frå leiing av kunnskapsmedarbeidarar og/eller tilsette i endringsprosessar
- forståing for leiing i staten og samfunnsoppdraget til Nav
- erfaring med tenesteområda for senteret
- erfaring frå prosess- og læringsaktivitetar
- førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- utdanning eller vidareutdanning i leiing
- erfaring med å leie leiarar og/eller arbeide på eit strategisk nivå
- erfaring med strategisk planlegging, organisasjonsutvikling og implementering av tiltak på tvers av avdelingar
- god forståing for prosessleiing med LEAN som metode
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har leiareigenskapar i tråd med etaten sine verdiar og krav til leiing
- utøver ditt leiarskap etter prinsippa for tillitsbasert leiing
- kan forstå komplekse problemstillingar og sjå heilskap i organisasjonen, samt omsette strategi til operasjonelle tiltak
- har gode evne til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på utvikling, motivasjon og engasjement på tvers av avdelingar og lokasjonar
- har evne til å skape tillit gjennom kommunikasjon og samarbeid, både internt og eksternt
Som tilsett hos oss får du
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- Moglegheit for å forme ny leiarrolle med strategisk påverknad og operativt eigarskap
- Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1054 kontorsjef i lønnsspenn 750 000 og 850 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Thorleif Nesse, Avdelingsdirektør, 406 06 621, thotleif.oivind.madsen.nesse@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5023400142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ee1c6ae7-f472-46f1-b6b1-4ef746332ade
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bb73ac12df7e460ea6d24b959fa018e0