Hopp til innhold

Psykolog

Arbeidsgiver

POLIKLINIKK PSYKISK HELSE DPS VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Om jobben

Oppstart
15. juni 2026
Stillingstittel
Psykolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Vi har ledig årsvikariat for psykolog med oppstart medio juni 2026 eller etter avtale med seksjonsleiar.

Vi søker engasjert og fagleg interessert psykolog som trivast med både sjølvstendig og tverrfagleg samarbeid. Rett søkjar bør ha strukturert arbeidsstil. Du blir ein del av eit inkluderande og utviklingsorientert fagmiljø med høgt fokus på kvalitet og godt samarbeid. 

Poliklinikk psykisk helse DPS Volda er ein av tre seksjonar ved DPS Volda og har Søre Sunnmøre som opptaksområde. 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av psykiske lidingar
  • Bruk av standardiserte kartleggingsverkty og testar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Delta på rettleiing, internundervisning og ev. fagmøte

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon eller lisens som psykolog. Psykologstudentar som straks er ferdig med utdanninga kan søke
  • Klinisk erfaring frå poliklinikk psykisk helse er ein fordel. Erfaring med utgreiing, diagnostikk og behandling vil med andre ord vere positivt
  • Kompetanse i samtalebehandling (t.d. KAT, MKT, EMDR eller ISTDP)
  • Fordel med kjennskap til Helseplattformen
  • Beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god evne til tverrfagleg samarbeid
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er trygg og tillitskapande i møtet med pasientane
  • Du er fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • Du bidreg til trygge og effektive pasientforløp
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Personleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her

Kontaktinformasjon

Hallgrim Myklebust, Seksjonsleiar, +47 70 05 85 60, Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5120196623
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 14.06.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Hallgrim Myklebust

Seksjonsleiar

+47 70 05 85 60

Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f03111c7-1a77-4e08-8701-603f93024558

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c3fa4f014fcd457c87e4bbfc594e4c39

Lignende annonser

Laster lignende annonser