Lærar fast stilling 80 %
Voss herad Skulestad skule
Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar med ansvar for skulesymjing
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. desember
Voss herad – Skulestad skule
Lærar med ansvar for skulesymjing
Fast stilling, 80 %
Voss herad søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar til å leie og vidareutvikle skulesymjinga for barneskulane i kommunen. Stillinga er organisatorisk knytt til Skulestad skule, men hovudarbeidsstaden vil vere Vossabadet.
Me ser etter ein person som trivst i bassenget, har god elevleiing og sterk formidlingsevne, og som samtidig kan byggje gode system og samarbeidsstrukturar på tvers av skulane. Dette er ei særleg spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere praktisk undervisning med fagutvikling og koordinering.
Stillinga er den einaste i sitt slag i Voss herad – ei sjeldan moglegheit til ei unik lærarrolle der du kan vere med og forme framtidas skulesymjing.
- Planleggje, gjennomføre og evaluere skulesymjing for elevar på 1.–7. trinn
- Samarbeide med kontaktlærarar, kroppsøvingslærarar og leiing ved dei ulike skulane
- Bidra til utvikling av felles opplegg, vurderingspraksis og tryggleiksrutinar
- Ha ansvar for koordinering mot Vossabadet, inkludert timeplanar, kommunikasjon og utstyr
- Medverke til at alle elevar får ei trygg, inkluderande og motiverande symjeopplæring
- Godkjend undervisningskompetanse for 1.–7. trinn, gjerne allmennlærar eller GLU 1–7
- Formell kompetanse i idrett/kroppsøving eller tilsvarande
- Svært gode symjedugleikar og tryggleik i vatn
- Erfaring frå symjeopplæring er ein fordel
- God systemforståing og evne til å skape struktur og samarbeid mellom fleire einingar
- Tydeleg og trygg klasseleiar – også i bassenget
- Strukturert, sjølvstendig og med gode samarbeidsevner
- Initiativrik, løysingsorientert og utviklingsretta
- Positiv og inkluderande i møte med elevar, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Eit fagleg engasjert kollegium og godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å vere med å utvikle eit heilskapleg symjeopplæringstilbod i Voss herad
- Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- God pensjonsordning
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef09b043-a795-409d-8173-8eedce863d6a
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3565753_212643_nn
Lignende annonser
Vernepleiar i Skulestadvegen
Arbeidsgiver
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utne barnehage
Sted
Utne
Pedagog i Vossabarnehagane
Arbeidsgiver
Voss herad Felleslysing barnehage
Sted
Voss