Ledig stilling Brakanes skule - 80% vikariat
Brakanes Barne- Og Ungdomsskule
Ulvik
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Faglærer
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100% og deltid 100%
- Arbeidstid
- Skift, dagtid, ukedager
Ledig vikariat frå 01.08.26-30.06.2027
Søknadsfrist: 8. mai 2026 Aktuelle arbeidsoppgåver• Kontaktlærar
• Faglærar
• Vikartimar v/behov
• Vikarhandtering
KvalifikasjonarMe lyser etter undervisningspersonale som har grunnskulelærarutdanning eller anna
faglærarutdanning. Me lyser primært etter undervisningspersonale som har
grunnskulelærarutdanning. Søkarar med faglærarutdanning med PPU eller anna godkjend
pedagogisk utdanning vert og vurderte.
Arbeidsspråket er norsk, og søkjarar bør difor ha norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.
Personlege eigenskaparMe søkjer etter deg som kan samarbeida i team, ynskjer å læra av og med andre, er
utviklingsorientert, har positivt elevsyn, har humor og god relasjonskompetanse.
Søknad på stilling- merk med saksnr. 26/873
Lysinga er publisert på ulvik.kommune.no og NAV
Me hjelper gjerne med å skaffe bustad. Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtalar.
Spørsmål om stillingane på Brakanes skule kan rettast til konstituert rektor
Sebastian Hoffmann, tlf: 41866977
sebastian.hoffmann@ulvik.kommune.noTilsetjing i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæringa, aktivitetsskulen eller for å gi
leksehjelp er avhengig av at det før tiltreding blir lagt fram politiattest i tråd med
opplæringslova § 17-11
Om bedriften
Ulvik har mykje å by på
-
Unike naturopplevingar for alle, frå fjorden til høgfjellet
-
Eit godt helsetilbod for alle aldersgrupper
-
Ein moderne skule med fleirbrukshall og svømmebasseng
-
Ein fleksibel barnehage med god plass
-
Eit bygdesentrum med korte avstandar og eit variert servicetilbod
-
Skiarena for langrenn og hopp med 4 km lysløype, 14 km turløype, familiekveldar ein gong i veka, og flott terreng for fjellskiturar
-
Utandørs idrettsanlegg med grasbane og friidrettsanlegg, med ridebane, badeplass, vannskiarena og sandvolleyballbane like ved sida av
-
Bibliotek, skulekorps, kulturskule og mykje meir
Ønskjer du meir informasjon, ta gjerne kontakt med tenestetorget på Sentrumsbygget i Skeiesvegen 3.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f7d66bfd-f476-4239-978b-2ea78d185fbd
- Sist endret
9. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f7d66bfd-f476-4239-978b-2ea78d185fbd