Hopp til innhold

LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON

Arbeidsgiver

Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune

Sted

Granlivegen 1A, 3850 Kviteseid

Om jobben

Stillingstittel
LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 12. juni

LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling.


Vi har ledig 100 % vikariat som kontaktperson frå dags dato til 31.08.2027.


Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.


Arbeidsoppgåver

Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova

  • Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
  • Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester
  • Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast
  • God barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måte
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er trygg, raus og robust
  • Har evne til å motivere og inspirere
  • Er ein god lagspelar med gode samarbeidsevner
  • Arbeider systematisk og målretta
  • Evnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift
  • Likar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskap
  • Kan handtere krevjande og pressa situasjonar
  • Er fleksibel og løysingsorientert

    Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell
  • Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging
  • God opplæring og rettleiing
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer
  • Regelmessig oppfølging frå teamleiar
  • Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog
  • Løn og vilkår
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Gunn Annie Hellestad, Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, +47 90 76 69 07

Arbeidsstad

Granlivegen 1A
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5135746930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 12.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Gunn Annie Hellestad

Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark

+47 90 76 69 07

Om bedriften

Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

eec57db3-b6d6-4c54-9589-6019dfe21e35

Sist endret

26. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2d3f92dd4b4b4e65a967bf7b25bf4c43

Lignende annonser

Laster lignende annonser